Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Det gjekk ikkje mange åra etter 1887 før fotografia til dei nasjonale landskapsfotografane kom på postkort. I Rogaland var kort med motiv frå Suldal og Stavanger dei eldste. Dei første vart produserte i utlandet, særleg i Tyskland. Suldal hadde dei viktigaste motiva sidan Turistrute 7 gjekk gjennom dalen. Etter 1905 kom det svært mange postkort som også var mynta på den lokale turistmarknaden, og med nye motivtypar. Medlemmer av Stavanger Turistforening leverte fotografi til denne postkortproduksjonen. Preikestolen i Lysefjorden vart seinare eitt av dei mest populære postkortmotiva i Rogaland.

Foto 7

Dei første postkorta med motiv frå Lysebotnen kom rundt 1903. Lysebotnen vart då eit nytt reisemål for medlemmene av Turistforeningen. Preikestolen vart oppdaga som turmål om lag på same tida. Foto: Hannchen Jacobsen, Stavanger.

Foto 8

Preikestolen vart postkortmotiv før 1910. Sommaren 1909 opna nemleg Det Stavangerske Dampskibsselskab fast turistrute til Lysebotnen to gonger i veka i sommarsesongen. Her er eitt av dei eldste Preikestol-korta. Stavanger Turistforening presenterte ein stor kopi av dette fotografiet på ei turistutstilling. Foto: Otto Floor, Stavanger.

Foto 9

Postkortet viser Rabbes Hotel i Saudasjøen, eitt av dei aller eldste hotella på landsbygda i Rogaland. Aasmund Rabbe opna det første hotellet i Saudasjøen i 1880. Dette var populært både hos utanlandske turistar og hos byfolk. Stavanger Turistforening vart ein av medeigarane i den nye turisthotellet i Saudasjøen som opna våren 1914. Foto: Ukjend.

Foto 10

Solastrandens Nordsjøbad, etablert 1914, frå 1930 Sola Strand Hotel, høyrde til ein yngre generasjon enn dei første hotella i Suldal og Sauda. Stavanger Turistforening var også engasjert i dette prosjektet. Postkorta av hotellet på Sola vart først og fremst produserte med tanke på den norske marknaden. Foto: Ukjend.

Foto 11

Turistforeningen bygde tidleg fleire hytter i fjellet. Tanken var at desse skulle nyttast til overnatting for dei som gjekk i fjellet. Seinare vart hyttene turmål i seg sjølv, ikkje minst Preikestolhytta og den store Sandsahytta i Suldalsheia som vart ferdig i 1934. Stavanger Turistforening produserte postkort av fleire av turisthyttene. Her er Sandsahytta på postkort frå om lag 1954. Foto: Olaf A. Ellingsen, Stavanger.



.