Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Foto 13

Her er ein stor flokk medlemmer av Turistforeningen på tur til indre Ryfylke i 1920-åra. Kanskje skulle dei hit til Jelsavågen og var klar på båtdekket til å gå i land. Kanskje skulle dei reisa vidare til Suldal eller Sauda. I påskehelga var det særleg trongt om plassen på rutebåtene i Ryfylkefjordane. Foto: Ukjend.

Dei første tiåra var det ressursterke og meir velståande Stavanger-menn som gjekk på fotturar og skiturar og som brukte hyttene til Turistforeningen i Ryfylkeheiane. Denne første medlemsgenerasjonen var også menn som gjerne ville visa omverda at dei var engasjerte i den nye kameramoten. Både Statsarkivet i Stavanger og Stavanger Byarkiv har privatarkiv frå denne første medlemsgenerasjonen. Turgruppa som kalla seg ”Den gamle garde”  fotograferte under påsketurar i Ryfylkeheiane frå 1902 og framover og var truleg dei første som dokumenterte snølandskapet i fjellheimen. Grosserar Peder Eeg i Stavanger var ein av desse ivrige amatørfotografane. Privatarkivet hans ved Stavanger Byarkiv omfattar 690 positivar frå åra 1901-1936 med motiv frå turar i Ryfylkefjella.

Foto 14

Her har ein flokk piperøykande styremedlemmer og tilsette i Stavanger Turistforening samla seg på båtdekket på veg heimover til Stavanger frå Lysebotnen, sommaren 1923. Dei hadde vore på synfaring i heiane, frå Suldal til Lysefjorden. Frå venstre Olav Engen, Johs. Gill, Trygve Wyller, Chr. Simonsen og Otto Floor. Dei første tiåra var Turistforeningen ein organisasjon for ressursterke byfolk, for det meste menn. Foto: Ukjend.

Bokhandlarane Otto Floor og Karl Opsanger var nærast profesjonelle på fotoområdet. Dei både fotograferte og produserte postkort. Også mange vanlege medlemmer vart ivrige turfotografar. Dei vart oppmuntra til dette av styret. Den 10. juli 1903 hadde Stavanger Turistforening ein annonse i Stavanger Aftenblad der ein bad medlemmene senda inn fotografi og beretningar frå turar, særleg frå turar ”paa før ukjente fjeldveie og overgange”. Desse burde sendast både til aviser og ikkje minst til styret til bruk i utstillingar og publikasjonar.

Foto 15

Her ser vi korleis ei av dei større hyttene til Turistforeningen såg ut innvendig i 1920-åra. Dei var ganske velutstyrte, både med møblar og inventar elles. Dei to gjestene ser ut til å finna seg vel til rette i køysengene og slappar av med kvar si pipe. Foto: Ukjend.

'

Foto 16

Dei første som fotograferte i heiane i Suldal og Sauda var medlemmer av Turistforeningen. Utanlandske turistar reiste gjennom dalføra og gjekk ikkje i fjellet. Dei fleste eldre fotografia frå fjellheimen viser snølandskap og skigåarar, som dette frå før 1920 frå heia ovanom Svandalen med Saudafjorden bakgrunnen. I 1920 var dette fotografiet brukt i ein reklame for det nye hotellet i Saudasjøen. Mannen er ukjend. Foto: Ukjend.

Foto 17

Kvinner var ikkje aktive medlemmer av Turistforeningen dei første tiåra. Dei var første gong med på eit arrangement i 1913, eit kveldsarrangement i Stavanger. I juni 1929 arrangerte Turistforeningen tur til øya Rott utafor Tananger i Sola. Her er fire av deltakarane klar til å gå om bord i båten. Dei har alle tidstypiske turklede for kvinner. I bakgrunnen ligg landhandelen til familien Danielsen i Tananger. Foto: Ukjend.

Foto 18

Fellesturane til Turistforeningen var populære, særleg i 1930-åra. Då var det ikkje lenger næringslivsfolk i Stavanger som dominerte organisasjonen. Dette fotografiet viser nokre av dei 125 deltakarane på turen med D/S Jøsenfjord til Førre inst i Jøsenfjorden i juni 1931. Både kvinner og menn, unge og eldre, deltok. Foto: Otto Floor, Stavanger.

Foto 19

Etter kvart arrangerte Turistforeningen både fellesturar og skirenn. Dermed vart medlemsgruppa både større og breiare samansett enn dei første tiåra etter 1887. Her er eit av fotografia frå skirennet på Madland i Gjesdal i 1930. I 1920- og 1930-åra dokumenterte Otto Floor det meste som skjedde i regi av Turistforeningen som han leia mellom 1926 og 1932. Foto: Otto Floor, Stavanger.



.