Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Foto 12

Anders B.Wilse var med på to store synfaringar som oppdragsfotograf for Stavanger Turistforening. Den første var riksvegsynfaringa frå Telemark til Lyse i Rogaland i 1918 i samband med planar om anlegg av riksveg over fjellet. Turistforeningen kolorerte og trykte seinare fleire av fotografia hans frå turen, som dette frå Lysebotnen med utsyn utover fjorden. Foto: Anders B. Wilse, Kristiania.

I vel 40 år etter 1887 engasjerte Turistforeningen seg i lokale og regionale reiselivs- og samferdselsprosjekt, som den første norske turistutstillinga. Denne var i Stavanger i 1890, i samband med opninga av ”Englandsruta”, dampskipsruta mellom Stavanger og England. Turistforeningen var også ein aktiv medspelar ved etableringa av fleire turisthotell i fylket. Frå 1915 og framover hadde årbøkene til Stavanger Turistforening lister over hotell, pensjonat og private overnattingstilbod i Rogaland.

Turistforeningen produserte mange illustrerte brosjyrar, hefte og turguidar frå aktuelle reise- og turistmål og engasjerte seg også i marknadsføringa av forslag til store utbyggingsprosjekt. Dei to største var den påtenkte riksvegen over fjellet frå Lysebotnen til Dalen i Telemark og planane om ein nye trasé for Sørlandsbanen. Turistforeningen var med på å arrangera to store synfaringar i 1918 og 1919 i samband med desse to prosjekta, den siste frå Langesund og vestover til Rogaland saman med Stortinget sin jernbanekomité.

Turistforeningen engasjerte dyktige fotografar til å dokumentera reiselivsprosjekta sine. Den viktigaste var  Anders B. Wilse i Kristiania. Wilse var medlem av Den Norske Turistforening og hadde også fleire oppdrag for den organisasjonen. I 1930 skilde Stavanger Turistforening ut den forretningsmessige sida av turisttrafikkarbeidet. Dette arbeidet vart overført til ”Turisttrafikkomiteen for Stavanger og Rogaland”.  Stavanger Turistforening tok sjølv initiativ til å danna denne komiteen.

Fotografia til Anders B. Wilse finst på:  www.nb.no/gallerinor/   og på http://www.digitaltmuseum.no/



.