Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Foto 2

Halvtunnellen i Bratlandsdalen var eit populært motiv hos dei første fotografane. Turistforeningen kjøpte mange tidlege landskapsprospekt frå Turistrute 7. Turistane kunne bla i store albumar på hotella, i reisebyråa eller ved dampskipsekspedisjonane og kjøpa landskapsprospekta som reiseminne. Foto: Knud Knudsen, Bergen, 1887.

Fotografiet vart eit viktig hjelpemiddel i arbeidet med å få utanlandske turistar til Stavanger og til Turistrute 7. Dermed spela Turistforeningen ei svært viktig rolle for introduksjonen av turist- og landskapsprospekta, og seinare for utviklinga av det lokale landskapsfotografiet i Rogaland. Dei første åra kjøpte Turistforeningen fotografi av nasjonale fotografar, særleg av Knud Knudsen og Axel Lindahl.

Foto 3

Dette fotografiet av fjellgarden Våge ovanom Suldalsvatnet er uvanleg. Det er eitt av dei utvalde motiva med eiga side i ”Stavanger and Ryfylke Album” frå 1888. Foto: Jan Greve & co, Stavanger.

Dei fleste eldste landskaps- og turistfotografia har motiva sine frå vegen gjennom Bratlandsdalen og øvre Suldal med Suldalsporten, Suldalsosen og garden Stråpa med Ståpanuten som dei mest populære motiva.

Foto 4

Kvednahola om lag halvvegs mellom Suldalsosen og Sand, imponerte både norske og utanlandske fotografar. Dette fotografiet høyrer til ein nasjonal serie produsert av Kristiania-forlaget Rich. Andvord i 1892. Andvord samarbeidde med den svenske fotografen Axel Lindahl og selde dei norske landskapsfotografia hans i flotte samlemapper. Foto: Axel Lindahl, Kristiania.

I 1888 publiserte Turistforeningen det første lokalproduserte albumet, ”Stavanger and Ryfylke Album”. Dette var svært moderne for si tid. Albumet eller boka hadde både engelsk og tysk tekst og presenterte seks originalfotografi av Stavanger-firmaet Jan Greve & co. Dei 50 albumeksemplara vart sende til reisebyrå og dampskipsselskap i inn- og utland. Teksten informerte om Turistrute 7 med utgangspunkt i båtturen frå Stavanger til Sand.

Foto 5

Stråpagarden med den mektige Stråpanuten var eit poplært fotomotiv etter 1887. Stavangerfotografen Jan Greve hadde oppdrag for Turistforeningen i 1888. Saman med sonen Arnt Theodor Greve allierte han seg seinare med bygdefotograf Odd T. Stråbø i Suldal. Dei publiserte ein serie handkolorerte postkort frå Nesflaten, Suldal og Sand i 1904. Foto: Jan Greve Photo Hall/O. Straabø.

Foto 6

Stavanger jernbanestasjon var ferdig til opninga av Jærbanen i 1878. Jærbanen var også ei av kommunikasjonsårene ut frå byen, som båtane til Det Stavangerske Dampskibsselskab. Dermed vart den flotte stasjonen aktuelt fotomotiv for Turistforeningen. Fotografia av Stavanger domkirke var likevel langt viktigare Stavanger-reklame dei første åra etter 1887. Foto: Waldemar Eide, Stavanger, om lag 1910.



.