Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Velkommen inn - til fjellriket!

Foto 1

Ein av dei imponerande tunnellane i Bratlandsdalen i Suldal ønskte dei første turistane velkommen til fjellriket ovanom Suldal. Dei mest kjende nasjonale fotografane reiste tidleg langs Turistrute 7 gjennom Bratlandsdalen. Foto: Knud Knudsen, Bergen, truleg 1887.

Stavanger Turistforening vart stifta 30. april 1887 som ein regional nærings- og reiselivsorganisasjon. Dei første medlemmene var sentrale forretningsfolk i Stavanger, og foreininga var lenge ein organisasjon for veletablerte byborgarar. Også dei 11 nasjonale turistrutene opna 1887. Eit aktivt reiseliv langs Turistrute 7 med Stavanger by som utgangspunkt var programmet for Stavanger Turistforening. Målet var å få mange utanlandske turistar til å reisa frå Stavanger til Sand, Suldal, Bratlandsdalen, Røldal og vidare til Odda og Bergen, eller austover til Telemark. Turistforeningen kjøpte mange landskapsprospekt av dei første nasjonale turistfotografane og brukte fotografia i ei aktiv marknadsføring.

Seinare utvida Turistforeningen arbeidsområdet.  Medlemmene engasjerte seg i planar for utbygging av kommunikasjonsnettet mellom Austlandet og Vestlandet og i arbeidet med anlegg av turstiar og hytter i den lokale fjellheimen. Turistforeningen brukte fotografiet på alle desse områda.

Statsarkivet i Stavanger tek vare på den eldste delen av arkivet til Stavanger Turistforening, privatarkiv nr. 135. Denne utstillinga presenterer eit lite utval av det fotografiske materialet i arkivet. Vi skal sjå på korleis Turistforeningen brukte fotografiet på seks ulike område i åra før 1940.




.