Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Mange engasjerer seg for dei sjuke

St. Svithun katolske menighet etablerte seg i Stavanger i 1894 og vigsla både ny kyrkje og sjukehus i 1898. Biletet frå rett etter 1950 viser San Fransiscus Hospital i Stavanger til venstre og den vesle kyrkja i dragestil før ho vart ombygd i 1950-åra. Dette katolske sjukehuset var eit spesialsjukehus for øyre-, nase- og halslidingar. Foto: O. A. Ellingsen. Statsarkivet i Stavanger.

Dei mange sanitetsforeningane og andre private foreiningar engasjerte seg sterkt i tuberkulosearbeidet etter 1900. Her ser me sanatoriet eller rekonvalesensheimen ”Sportsheim” på Fjermedal i Bjerkreim som styret for Stavanger Tuberkulose-fond kjøpte av legatmidlar i 1904. Heimen hadde plass til 17 pasientar frå Stavanger. Foto: E. H. Torjusen. Dalane Folke-museum.

Også privatpersonar etablerte sanatorium tidleg på 1900-talet. Eitt av desse var Dr. Eriksens fysikalske dietetiske Sanatorium på Nærland i Hå (1927-1931). Denne institusjonen kunne tilby eit for den tida moderne behandlingstilbod for folk med revmatiske lidingar. Dei to bileta viser ein av pasientane saman med tilsette ved sanatoriet kring 1929 og interiør frå eit av dei fysikalske behandlingsroma i tilknyting til badeanlegget ved institusjonen.

Foto: Privat. Statsarkivet i Stavanger.

Foto: Privat og K. Viljugrein. Statsarkivet i Stavanger.



.