Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Frå Amtssykehuset i Stavanger til Rogaland Sjukehus

Ei av dei viktigaste oppgåvene for den nye amtskommunen etter 1838 var å forbetra helsestellet i landdistrikta. Dei einaste medisinske fagpersonane på den tida var distriktslegane i dei få byane i amtet. Amtsformannskapet fungerte som dåtida sin fylkeskommune. Amtssjukehuset på St. Pedersgjerde vart det første fylkeskommunale sjukehuset og forløparen til Rogaland Sjukehus. Sjukehuset stod ferdig i 1843 og var i bruk til 1927. I september 1927 kunne Rogaland fylkeskommune nemleg opna det nye Rogaland Sjukehus på Våland.

Amtssjukehuset på St. Pedersgjerde bak det høge gjerdet til høgre. Den store to-etasjes trebygningen vart fotografert om lag 1930 før han skulle rivast for å gje plass til Stavanger Tinghus. Sjukehuset låg til Bergelandsgata og hadde St. Petri kirke i nabolaget. Dette første fylkeskommunale sjukehuset vart ferdig i 1843 og var sjukehuset til folk på landsbygda i heile fylket fram til det nye Rogaland Sjukehus stod ferdig i 1927. Foto: G. Wareberg. Statsarkivet i Stavanger.

I september 1927 kunne Rogaland fylkeskommune ta i bruk det nye Rogaland Sjukehus på Våland. Den store, moderne murbygningen låg landleg til utafor byen. Foto: H. Johannessen. Statsarkivet i Stavanger.

Fylkeskommunale spesialsjukehus

Fylkeskommunen bygde det psykiatriske sjukehuset Dale Asyl i 1913. Før denne store institusjonen stod ferdig, vart pasientar med alvorlege psykiske lidingar sende til sjukehus eller asyl i Fana i Hordaland, Eik ved Kristiansand, eller til Gaustad ved Kristiania. Folk med mindre alvorlege lidingar vart ”sette ut” i privatheimar kringom i fylket.

Eit anna fylkeskommunalt løft var utbygginga av sanatorium, rekonvalesens- eller kvileheimar for tuberkulosesjuke. I fylket vårt etablerte Stavanger amt eller Rogaland fylkeskommune to slike institusjonar; på Tveit i Nedstrand i 1915 og på Skåland i Lund i 1932. Dei alvorleg tuberkulosesjuke vart sende til dei store sanatoria. Mange rogalendingar var pasientar ved Landeskogen sanatorium i Evje eller ved Luster sanatorium i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen engasjerte seg også innan psykiatrien. Dale Asyl i tidlegare Hetland kommune vart det første namnet på Rogaland psykiatriske sjukehus. Denne store institusjonen stod ferdig i 1913. Her ser me hovudbygningen i det nye bygningskomplekset på ”andre sida” av Gandsfjorden.Foto: I. Dahle. Statsarkivet i Stavanger.

Tuberkulosen var ein av dei store folkesjukdomane i åra mellom 1900 og 1940. Fylkeskommunen etablerte to tuber-kuloseheimar; den eine på Tveit i Nedstrand i 1915 og den andre på Skåland i Lund i 1932.

Skåland tuberkuloseheim i Lund. Foto: F. Horjen og privat. Statsarkivet i Stavanger.

Personalet ved Skåland tuberkuloseheim i 1932



.