Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Eidsvollbygningen, privatbustaden til Carsten Anker på Eidsvoll jernverk. Her var 112 utsendingar frå heile Sør-Noreg samla i seks veker frå 10. april til 19. mai 1814. Dei utarbeidde både ein eigen grunnlov og valde den første kongen. Då hadde me hatt kongefellesskap med Danmark sidan 1380.

Foto: Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger, juli 2005.

____________________________________________________________________________

Den offisielle opninga av grunnlovsjubileet skjer på Eidsvoll sundag 16. februar. Dette er den første av dei to viktige nasjonale merkedagane i jubileumsåret. Den andre er sjølvsagt 17. mai 2014.

Året 1814 vart spesielt, og gir god grunn til feiring. Landet vårt gjekk inn i dette året som ein del av, eller ein provins i det danske einevaldskongedømmet og vart styrt frå København. Då året gjekk mot slutten, var Noreg eigen stat i union med Sverige. I løpet av 1814 erklærte me Noreg som eit sjølvstendig land, me arrangerte politiske val, utarbeidde eigen grunnlov og valde eigen konge. Alt dette var nytt og revolusjonerande i 1814 og det første steget på vegen mot ei demokratisk styreform i landet vårt.

Statsarkivet i Stavanger markerer også grunnlovsjubileet. I løpet av første halvår 2014 presenterer me fleire små nettutstillingar om det som skjedde lokalt i Stavanger amt, eller Rogaland i dei fire månadane februar – mai 1814.

Dei offentlege arkiva i Statsarkivet inneheld ikkje mange dokument om dei nasjonale hendingane i første halvår 1814. Me viser dei som finst. Fleire fortel om dei lokale vala på fire utsendingar frå Stavanger by og Stavanger amt til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll. Du vil også møta desse fire og ektefellane deira. Men me vil også fortelja om kvardagslivet i Stavanger amt. Korleis hadde folk flest det, og kva var dei opptekne denne spesielle våren?

Då grunnlovsjubileet vart markert i 1914 og i 1964, fanst det ikkje datamaskinar og andre elektroniske verktøy. I dag kan me på ein enkel måte skaffa oss kunnskapar om alle hendingane i 1814 og om alle markeringane i 2014. Her er dei viktigaste nettsidene:

Stortinget med den nasjonale nettsida til grunnlovsjubileet:

www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/Grunnlovsjubileet/

Eidsvoll 1814 med informasjon og artiklar om tema knytta til Eidsvollbygningen, Grunnloven og grunnlovsjubileet:

www.eidsvoll1814.no

Portalen til oversikt over nasjonale og lokale arrangement og aktivitetar i jubileumsåret:

www.grunnloven200.no

Den norske kyrkja og grunnlovsjubileet 1814 – 2014:

http://www.kirken.no/?event=doLink&famID=249606

Det norske Arkivverket med tema knytta til 1814 og grunnlovsjubileet 2014:

www.arkivverket.no/arkivverket/Tema/1814

Demokratijubileene i Rogaland, Rogaland fylkeskommune. Informasjon om arrangement i Rogaland i jubileumsåret:

http://demokratirogaland.wordpress.com/




.