Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Den nye Kvassheim fyr frå 1912 og den vesle signalbua, ”Kvasheimpynten Taagesignalstation” frå 1904. Tåkesignalstasjonen var i bua heilt til det nye fyret var ferdig. Fotografiet er frå 1915. Foto: Meieristyrar Trygve Melsom. Fotosamlinga Hå folkebibliotek, Statsarkivet i Stavanger.

Den nye Kvassheim fyr frå 1912 og den vesle signalbua, ”Kvasheimpynten Taagesignalstation” frå 1904. Tåkesignalstasjonen var i bua heilt til det nye fyret var ferdig. Fotografiet er frå 1915. Foto: Meieristyrar Trygve Melsom. Fotosamlinga Hå folkebibliotek, Statsarkivet i Stavanger.

Lykta på Kvassheim fyrstasjon vart tent første gong 20. oktober 1912. Fyret var bygt i tre og bestod av ein boligdel og eit lystårn som nådde 12 meter over bakken. Fyret låg ved sida av ”Kvassheimpynten Taagesignalstation”, ikkje langt frå det gamle losnaustet på Kvassheim. Då fyrlykta kom i drift, vart knallsignalet flytta frå den vesle signalstasjonen og over på fyrstasjonen. Då fyret fekk elektrisitet i 1916, vart knallsignalanlegget erstatta av eit elektrisk drive hornsignal.

Fyrvaktaren og familien hans budde på fyret. Ein assistent hadde ansvaret for drift av tåkesignalet. Han budde på det næraste gardsbruket. Det kom eigen fyrbetjentbolig etter andre verdskrigen. Då budde det to familiar på fyrstasjonen. I 1953 fekk fyret eige maskinhus. Der kom det eit moderne tyfon tåkeanlegg i 1956.

I slutten av 1980-åra skjedde det ei gradvis nedbygging av fyrstasjonen. Tåkeluren tagna. Frå sommaren 1990 var det ikkje lenger fast tilsette på fyret. Dei to husværa vart ståande tome. I april 1991 kom den nye automatiske fyrlykta ved moloen i Kvassheim hamn. Då vart lykta på Kvassheim fyr sløkt for godt.

I 2004 vart Kvassheim fyr overført frå Kystverket til Direktoratet for naturforvalting. Jæren Friluftsråd fekk ansvar for ombygging av fyret til eit informasjons- og friluftssenter og for vidare drift. Maskinhuset vart teke i bruk som kafé og møtelokale i 2007. Hovudbygningen var ferdig ombygd i 2010.

Her kan du lesa meir om Friluftsfyret Kvassheim: www.friluftsfyret-kvassheim.no

Første side i ”Journal holdt ved Kvasheim Taagesignalstation” fra 1904.

Første side i ”Journal holdt ved Kvasheim Taagesignalstation” fra 1904.

Denne protokollen viser at Lars Kvasheim tok til å føra vaktjournalen 3. november 1904. Tåkesignalstasjonen nytta knallpatronar til varselskot. Lars Kvasheim var grunneigar i området og vart den første signalmannen. Han noterte alle dagar då det var skodd eller snøføyke, kva periode på dagen han skaut ut signala, og kor mange skot han sende opp. Frå 1. november 1912 vart sonen Rasmus engasjert til å ha ansvaret for drifta av tåkesignalet etter at det var flytta over til den nye fyrbygningen.  

Brevkopiboka frå 1912 til den nye Kvassheim fyrstasjon.

Brevkopiboka frå 1912 til den nye Kvassheim fyrstasjon.

Otto Evensen, den første fyrvaktaren på Kvassheim, kom frå tilsvarande stilling på Feistein fyrstasjon. Kvassheim var landfyr og dermed meir attraktiv enn Feistein. Dette fyret låg på ei ganske lita øy i havet utafor Klepp. Den 27. september 1912 fekk Evensen telegram frå Fyrdirektøren. Beskjeden var kort og godt: ”Reis straks til Kvasheim”. Den 11. oktober fekk han brev frå Fyrdirektøren med beskjed om å tenna fyrlykta for første gong  den 20. oktober 1912.

I det aller første brevet Evensen sende frå Kvassheim fyr, 13. oktober 1912, stadfesta han at han hadde fått brevet frå Fyrdirektøren om å tenna lykta. Den 21. oktober skreiv han eit nytt brev til Fyrdirektøren. Han hadde nemleg problem med å fylla to arbeidsoppgåver, både ansvaret for drift av fyrlykta og av knallsignalet som nå var flytta frå den vesle signalstasjonen til det nye fyrbygget. Den neste sida i brevkopiboka viser at Evensen fekk lov av Fyrdirektøren til å engasjera grannen Rasmus L. Kvasheim til å stå for arbeidet med knallsignalet når det var skodd eller snøføyke.   



.