Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Tre lyspunkt langs Jærkysten

Tungenes fyr på postkort frå før 1920. Foto: Truleg Otto Floor i bokhandlarfirmaet Johs. Floor, Stavanger. Privatarkiv nr. 135, Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.

Tungenes fyr på postkort frå før 1920. Foto: Truleg Otto Floor i bokhandlarfirmaet Johs. Floor, Stavanger. Privatarkiv nr. 135, Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.

Flatholmen fyr i Sola og Tungenes fyr i Randaberg kunne markera 150-års jubileum den 1. september 2012. Kvassheim fyr i Hå har 100-års jubileum 20. oktober. Vi markerer alle tre jubilea med ei lita nettutstilling der vi presenterer fotografi og ulike dokumenttypar frå dei tre aktuelle fyrarkiva ved Statsarkivet i Stavanger.

Det eldste fyret i Noreg vart tent på Lindesnes i 1652, men fyrlykta vart sløkt etter to sesongar. Fyrlykta på Kvitsøy vart tent rundt år 1700. Dette var ikkje eigne fyrbygningar, men lykter ute eller lys i private heimar. Det var privatpersonar som tok initiativet til etablering av dei første fyra. Etter kvart overtok Staten driftsansvaret. I Rogaland overtok staten drifta av Kvitsøy fyr i 1815 og Tungenes fyr i 1860. Det var til saman 23 fyr i Rogaland på det meste.

Då lykta på Kvassheim vart tent i 1912, hadde Fyrvesenet arbeidd i om lag seksti år for å sikra skipsleia langs Jærkysten. Staten oppretta ei ny fyrdirektørstilling i 1841. Då starta eit planmessig arbeid for trygging av vérharde kyststrekningar. I perioden fram til 1912 vart det bygt fem fyr langs kysten mellom Eigerøy og Kvitsøy. I åra etter 1854 vart det også bygt seks små redningsstasjonar. Dessutan var dei gamle losstasjonane langs jærkysten ennå operative. Sikring av skipsfarten var viktig, ikkje minst etter at dei nye og kostbare dampskipa kom mot slutten av 1800-talet.

Fyra hadde ulike oppgåver. Eigerøy, Feistein og Kvitsøy var kystfyr. Dette var høge bygningar som ruva i landskapet. Dei hadde kraftige lys som skulle visa skipa vegen frå havet og inn mot kysten. Kvassheim, Flatholmen og Tungenes var såkalla innseglingsfyr. Bygningane var lågare enn kystfyra, og lampelyset var ikkje så kraftig. Innseglingsfyra skulle hjelpa skipa til å navigera i ureint farvatn langs kysten. Jærens Rev var ein av dei farlegaste strekningane langs norskekysten.  

Fyra med fyrlykta var naturleg nok viktig når det var uvér og mørkt. Men på dagtid fungerte også fyra som seglingsmerke eller dagmerke. Derfor var dei som oftast kvitmåla slik at dei viste godt igjen i landskapet. I eldre tid hadde kyrkjebygga langs kysten denne oppgåva. Nokre fyr, som Kvassheim, hadde også tåkesignal.

Dei fleste fyra var såkalla familiefyr der det var venta at også ektefellen til fyrvaktaren skulle ta sin tørn. Dei fyrstasjonane som hadde tåkesignal, måtte også ha ein assistent. Arbeidet på fyret var sterkt rutineprega. Det bestod av tenning og sløkking av fyrlykt, drift av tåkesignal, vakthald, inspeksjonar, vérobservasjonar og vedlikehald av teknisk utstyr. Alt måtte dokumenterast i skriv og rapportar til Fyrdirektøren. Representantar for Fyrdirektøren kom på årlege inspeksjonar på eige inspeksjonsskip.   

Arkiva etter fyra i Rogaland ved Statsarkivet i Stavanger og arkivet etter Fyrdirektoratet i Riksarkivet vitnar om at dei tilsette på fyra måtte vera ordensmenneske. Dei innhaldsrike arkiva dokumenterer alle daglege gjeremål. Arbeidet var lagt opp etter boka ”Instrux for Fyrbetjente”. Der fanst svært detaljerte reglar for alle arbeidsoppgåvene, frå bruk av ulike typar klutar til pussing av linser og lykter, til reglar for føring av kopibøker og vaktjournalar, for å nemna nokre. Dei eldste seriane i fyrarkiva ved Statsarkivet er brevkopibøker, korrespondanseseriar, rekneskapsbøker, oljeleveransebøker, vaktjournalar med vérrapportar og gjestebøker.  




.