Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Hulleborg Langballe var fødd 1771 i ein velståande borgarfamilie i Stavanger og døydde 1847 i Nedstrand. Foreldra var gullsmed Anders Hansen Smidt og Anna Margretha Isaksdotter Krass.

Frå bryggja på Nedstrand med det gamle sjøhuset til venstre. Dette postkortet er frå 1920-åra. Vel hundre år tidlegare låg heimen til fru Langballe i bakgrunnen her. Det finst ikkje fotografi av huset hennar.

Frå bryggja på Nedstrand med det gamle sjøhuset til venstre. Dette postkortet er frå 1920-åra. Vel hundre år tidlegare låg heimen til fru Langballe i bakgrunnen her. Det finst ikkje fotografi av huset hennar. Foto: Ukjend. SAS 1982/27:55.

Hulleborg gifta seg 1792 i Stavanger med Hans Chistopher Langballe (1762-1843) frå Nedstrand. Også familien hans hadde slektstilknyting til embetsmanns- og borgarfamiliar i Stavanger. Hans Christopher overtok slektseigedommen med gardsbruk, gjestgiveri og landhandel ved bryggja på Nedstrand.

Det er ikkje kjent om dette var Hulleborg Langballe sine eigne oppskrifter, eller om dette er ei samling avskrifter frå ei eller fleire trykte koke- og fargebøker. Fleire ting tyder på at boka ikkje er ei direkte avskrift frå ei eller fleire andre bøker. Mechael skreiv nemleg på tittelbladet at boka var Reenskrevet for Min Moder. Om dette var ei avskrift frå ei eller fleire trykte bøker, ville han truleg formulert seg på ein annan måte. Dessutan er oppskriftene innskrivne på ein litt tilfeldig måte i boka.

Kanskje var det Maren Sophie, eldste søster til Mechael, som overtok boka. Ho skreiv i alle fall namnet sitt på tittelbladet fremst. I koke- og fargeboka er det også nokre oppskrifter med ei anna handskrift enn Mechael si, og ei oppskrift som ein tredje person har ført inn. Kanskje er dette handskrifta til søstera?

Grua på kjøkkenet til Hulleborg Langballe var nok ikkje ulik den store grua frå 1793 på prestegarden i Klepp. Stampekinna til høgre fanst nok også hos fru Langballe, men ikkje jernkomfyren i grua. Denne kom nok på slutten av 1800-talet. Dette fotografiet er frå om lag 1932.

Grua på kjøkkenet til Hulleborg Langballe var nok ikkje ulik den store grua frå 1793 på prestegarden i Klepp. Stampekinna til høgre fanst nok også hos fru Langballe, men ikkje jernkomfyren i grua. Denne kom nok på slutten av 1800-talet. Dette fotografiet er frå om lag 1932. Foto: Gunnar Wareberg. SAS PA 156 - Gunnar Wareberg.

Bygningane til Landkremer Langballe  på Nedstrand var dei første i Ryfylke som vart branntakserte. Dette vitnar om at denne eigedommen representerte store verdiar. I 1802 hadde Langballe-familien sju bygningar og ei stor tømmerbryggje med fiskebrønn under. Bygningane var to store våningshus, det eine i to etasjar, eit stort bryggerhus, ei rullebu, eit stort tre-etasjes pakkhus/sjøhus, driftsbygning med fjøs, korn- og høyløe og eit båtnaust. Både bryggja og pakkhuset/sjøhuset var bygde på tømra bolverk på sjøen. Pakkhuset/sjøhuset var den gamle tollbua på Nedstrand frå den perioden på 1600-talet då Nedstrand var eigen tollstad.

Kjelde: Branntakstforretning paa Landkremer Langballes Huse på Nedstrand den 26. nov. 1802. Sorenskrivaren i Ryfylke, tingbok 1, 1798-1806, fol. 207b-208a.

Kjelde: Branntakstforretning paa Landkremer Langballes Huse på Nedstrand den 26. nov. 1802. Sorenskrivaren i Ryfylke, tingbok 1, 1798-1806, fol. 207b-208a.



.