Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

R. P. Thu var ein dyktig portrettfotograf. Her poserer dottera Bertha i heimeatelieret i Stavanger kring 1910.

Thu besøkte kanskje også fotograf-kollegaer i området då han var i indre Ryfylke. Når ein studerer det skriftlege kjeldematerialet, melder nemleg det eine spørsmålet seg etter det andre. For det første er det interessant å merka seg at tre norsk-amerikanarar frå dåverande Stavanger amt vende heim til Norge i 1888 eller våren 1889, og alle tre hadde truleg Amerika-kamera i bagasjen. Jærbuane Rasmus Pedersen frå Illinois og Martin Morrison frå Ames i Iowa kom båe heim til Norge med familiane sine for å verka som fotografar. Tredjemann var Torbjørn B. Torbjørnson frå Nessa i Nedstrand i Ryfylke. Han reiste til USA i 1882 i lag med broren. Torbjørn budde i heimen på Nessa til han reiste tilbake til Iowa, USA i 1911. Han fotograferte i heimbygda og er nemnt som fotografist og snekkar i folketellinga 1900. Det er bevart om lag 80 store glasplater etter han, plater som viser at han var ein dyktig fotograf. Martin Morrison etablerte seg i heimbygda Time på Jæren og var reisefotograf i stereofotografi i mange kommunar i Rogaland og i Sunnhordland våren og sommaren 1889. Også han reiste tilbake til USA seinare. Martin Morrison og Rasmus Pedersen fotograferte ikkje på dei same stadene på Jæren i 1889. Kanskje hadde dei gjort avtale om dette. Bileta og biografien til Morrison er elles kjend, både lokalt og i USA (sjå NMU-Fotosekretariatets database).

For det andre er det interessant at tre fotografar oppheldt seg i dei to nabokommunane Nedstrand og Skjold då det var folketelling i 1900, og alle hadde USA-bakgrunn; friluftsfotografen Rasmus. P. Thu, fotografisten Torbjørn Nesse og den tilreisande fotografen C. E. Waller frå USA (f. i Michigan) som losjerte på strandstaden Nedstrand. I ettertid kan me spørja oss om kva fagleg kontakt desse tre fotografane hadde med kvarandre.

Det er uvisst om Thu reiste åleine til USA på fotooppdrag etter 1900, eller saman med familien. Emigrantlistene frå Stavanger politikammer tek til i 1903. I åra mellom 1903 og 1929 er Thu berre nemnd ein gong, men listene er ikkje fullstendige. Han reiste til New York 30. november 1903. Kona og barna var ikkje med på denne turen, men den eine dottera døydde i i Chicago, Illinois i 1909.

Thu var ikkje lenge i New York. Han kom truleg heim med blitzutstyr. Fotografiet frå kvardagstova til morbroren og familien hans, teke etter 1903, viser at han kunne fotografera i stover med dårleg lys. I åra etter 1905 tok han mange kombinerte familie- og gardsbilete (familiar med husdyr framfor gardshusa), særleg på Jæren og i Rennesøy, heimedistriktet til kona. I åra etter 1910 var det familiebilete frå bestestovene som var moderne. Thu fotograferte også for postkortmarknaden desse åra. Motiva var dei mange små bygdesentra i Rogaland, og bestillarane var lokale butikkeigarar. Dessutan tok han ei rekkje skulebilete. Mellom dei 60 glasplatene som låg igjen etter han i heimen, hovudsakleg av familie og slektningar, finst det og mange atelierbilete. I adresse- og yrkeskatalogar frå åra etter 1900 er ikkje Thu nemnd med fotoatelier i Stavanger, berre som fotograf. På eit av stempla hans frå desse åra står det ”R. P. Thu. Fotografisk Forretning Stavanger”. Atelierfotografering må ha vore ein underordna del av fotografarbeidet hans.



.