Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Då Fram besøkte Stavanger

I september 1902 kom Anders B. Wilse tilbake til Stavanger. Han skulle fotografera Fram, kaptein Otto Sverdrup og mannskapet hans. Stavanger var første offisielle stopp i Noreg då Fram  kom tilbake frå ein fire år lang ekspedisjon langs dei nordlege kystområda av Canada, den andre av dei tre store ekspedisjonane polarskuta var med på. Kanskje var det Fridtjof  Nansen som hadde sendt Wilse til Stavanger på dette oppdraget. I negativarkivet etter Wilse finst det minst 20 fotografi frå besøket i Stavanger:

http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?context=0&offset=0&skjema=0&type=e&tittel=otto+sverdrup&Start=S%F8k&fm=1&limit=20&user_offset=1

Ved Statsarkivet i Stavanger har både Stavanger losarkiv og fleire privatarkiv spor etter Fram. Her presenterer vi fire av dei fotografiske spora, henta frå tre privatarkiv:

Frå skipsdekket med trekkhundar og hundungar. Foto: Hakon Johannessen, Stavanger.

Frå skipsdekket med trekkhundar og hundungar. Foto: Hakon Johannessen, Stavanger.

Frå skipsdekket då Fram låg i Vågen. Foto: Hakon Johannessen, Stavanger.

Frå skipsdekket då Fram låg i Vågen. Foto: Hakon Johannessen, Stavanger.

Lokalprodusert postkort av kaptein Otto Neumann Sverdrup og mannskapet hans. Foto: Ukjend.

Lokalprodusert postkort av kaptein Otto Neumann Sverdrup og mannskapet hans. Foto: Ukjend.

Polarskuta Fram på veg ut Vågen med Skagenkaien til venstre og Stavanger domkirke i bakgrunnen, september 1902. Foto: Truleg Carl J. Jacobsen, Stavanger.

Polarskuta Fram på veg ut Vågen med Skagenkaien til venstre og Stavanger domkirke i bakgrunnen, september 1902. Foto: Truleg Carl J. Jacobsen, Stavanger.



.