Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Sjalupp B

Kongeskipet ankra opp utanfor Fiskepiren i Østre Havn. Sjaluppen førte kongefamilien til Honnørbrygga. Vi ser sjøhusa på Natvigs Minde i bakgrunnen.

Sjalupp A

Her er sjaluppen utanfor tollbua på veg inn Vågen. I bakgrunnen ser vi vestsida av Byfjorden med hermetikkfabrikkar og andre industribygg.

Stavangerfolk var vane med fine skipsbesøk. Fleire privatarkiv ved Statsarkivet inneheld fotografi av stolte seglskuter, det tyske keisarskipet ”Hohenzollern”, polarskuta "Fram", passasjerbåtane til Den Norske Amerikalinje, eller dei store tankbåtane til skipsreiar Bergesen d.y. for å nemna nokre.

Anders Bærheims arkiv inneheld mange slike bilete. To av dei sju fotografia frå kongebesøket i 1948 viser den nye sjaluppen på veg inn til Honnørbrygga. 



.