Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Arveprinsen

Det var kanskje ikkje så greitt å vera ein elleveåring i regnfrakke mellom alle dei vaksne. Arveprins Harald ser litt betutta ut. Journalisten i bakgrunnen noterer flittig på blokka si. Han er kledd som journalistar flest før, med dress, skjorte og sløyfe under frakken.

Sola Strandhotell

Frå Stavanger bar det i bil til Sandnes og Sola. I båe kommunane takka Kongen for folkegåva. Rundturen enda med eit måltid på Sola Strandhotell. Her ser vi prinsessene Ragnhild (med ryggen til) og Astrid saman med Kongen ved sida av ”Kongebilen” utanfor hotellet.

Fotografia supplerer tekstdokument i offentlege og private arkiv. Informasjonen om kongebesøket i 1948 er ikkje omfattande i dei offentlege arkiva sidan dette var eit uoffisielt besøk. Det var ingen æresportalar i byen som då Kong Haakon var på besøk i 1906, 1913 og 1925. Den nøkterne og enkle etterkrigskvardagen prega besøket i 1948. Dette viser også fotografia.

I dag er informasjonen om kongebesøket bevart i avisene saman med dei trykte fotografia. Det finst ikkje bevarte avisarkiv med positiv eller negativ. Etter at fotografia vart overførte til rasterklisjéar i avistrykkeria, vart originafotografia gjerne kasta. Derfor er desse sju fotografia i privatarkivet etter Anders Bærheim viktige kjelder til kongebesøket i Rogaland i 1948.

Arkivet etter Anders Bærheim er privatarkiv nr. 1, ved Statsarkivet i Stavanger.



.