Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Ordfører Karlson

Det lokale maktapparatet var på plass sjølv om kongebesøket var uoffisielt. Her helsar ordførar Magnus Karlson på Kongen. I bakgrunnen frå venstre ser vi havnefogd S. Lura, prinsesse Astrid, kronprinsesse Märtha og prinsesse Ragnhild.

Hilsebilde

Frå venstre ser finansrådmann Johs. Johnsen, havnefogd S. Lura, grosserer T. Skretting og politimeister Ola Kvalsund på når Kongen helser på fylkesmann John Norem og Kronprinsessa på ordførar Magnus Karlson.

Anders Bærheim (1883 – 1960) var ein dyktig fotograf, men dei aller fleste bileta i arkivet hans kjem frå andre. Bærheim var tilsett ved Dreyers Grafiske Anstalt i Stavanger heile yrkeslivet sitt. Han var svært interessert i alle sider ved byhistoria og ein produktiv lokalhistorisk forfattar. Bærheim samla både fotografi, avisutklipp og teikningar frå Stavanger. Svært mange av fotografia i arkivet hans manglar kjeldereferanse, som desse frå kongebesøket i 1948. Dermed veit vi ikkje om Bærheim fotograferte sjølv, eller om han fekk fotografia av andre. Dette er i alle fall ikkje vanlege amatørfotografi. Det var nok ein profesjonell oppdragsfotograf som tok desse sju bileta. 

Dagen etter besøket hadde dei tre avisene i byen, Stavanger Aftenblad, Stavangeren og Dagbladet Rogaland, alle reportasjar med eitt større eller eit par mindre fotografi på første side. Teksten var likevel viktigast. Det var bare Stavanger Aftenblad som hadde eigen fotograf. I 1946 vart Harald Sem den første, fast tilsette pressefotografen i avisa. Det var nok han som var ”Aftenbladets fotograf” som det står i teksten. Dei andre avisene har ikkje med namnet på fotografen.



.