Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Kongen går i land

Kong Haakon, kronprinsesse Märtha og arveprins Harald går i land på Honnørbrygga i Stavanger.

På første side av Stavanger Aftenblad torsdag 15. juli 1948 kan vi lesa: ”Noen motorbåter møtte ”Norge” ute i havnen og en flokk jenter om bord i en båt huiet taktfast: Heia Harald, heia Harald!”

For arveprins Harald var denne regnfulle dagen det første møtet med Stavanger. Han var rett nok passasjer på amerikabåten Stavangerfjord på ein tur mellom Bergen og Oslo i 1939. Då var han to år. Så langt vi veit, var han ikkje i land i Stavanger då.  

Til 75-års dagen i august 1947 fekk kong Haakon Kongeskipet ”Norge” i  folkegåve. Sommaren 1948 skulle Kongen prøva skipet sitt, mellom anna med ei reise langs Vestlandet. Han ville også nytta høvet til å takka alle kommunane som hadde vore med på denne gåva. Både Kongen og kronprinsesse Märtha hadde vore i Rogaland før. For dei tre kronprinsbarna var dette første besøket. 

Kongebesøk og kamera høyrer saman. Mange tok sikkert med seg fotografiapparatet sitt til kaien i Stavanger denne dagen, både amatørfotografar og profesjonelle. Her presenterer vi dei sju fotografia som er bevarte ved Statsarkivet i Stavanger frå dette besøket.




.