Fotografisk materiale ved Statsarkivet i Stavanger

Statsarkivet forvaltar om lag 3,5 mill. fotografi i statlege og private arkiv. Størsteparten av det fotografiske materialet i magasina våre høyrer til i arkiva etter 17 fagfotografar i Rogaland. Fleire statlege arkiv inneheld også store mengder fotografi. Dei mest kjende arkiva med større seriar, tilgjengeleg fotografisk materiale er:

Statlege arkiv

  •   Lufthavnforvaltingen i Rogaland: Stavanger lufthavn

Opparbeidinga av flyplassen på Sola før 1937 og seinare utvidingar. Periode: ca. 1935 - 1970.

  • NRK Rogaland Distriktskontor, NRK-lokalen

Interiør/eksteriør frå tidlegare lokale i Solagata og foto tilknytta radiogram frå 1950-åra og framover. Periode: ca. 1930 - 1970.

  • NSB Stavanger Distrikt

Stasjonsbygningar, tekniske anlegg, vognmateriell, personale og dokumentasjon av skadar. Periode: ca. 1895 - 1970.

  • Rogaland Vegkontor

Eldre og nyare bruanlegg i Rogaland. Periode: ca. 1900 - 1920.

 

Private arkiv

Svært mange av dei om lag 1550 privatarkiva ved statsarkivet inneheld fotografisk materiale. Det mest brukte materialet i denne gruppa finn vi i arkiva etter Anders Bærheim, Thomas Gjesteland, Gunnar Wareberg, Rosenberg Verft, Stavanger Preserving og Stavanger Turistforening for å nemna nokre.

Statsarkivet har som nemnt negativarkiva etter 17 fotograf-firma. Dei mest brukte arkiva i denne gruppa er firma Olaf A. Ellingsen, Oscar Gulliksen/Marthon B. Høiland, Hakon Johannessen, Børge Kalvig, Ludvigsen sen. og jr. og Rein Øverland.

For utfyllande lesing og eksempelfotografi, sjå:

Artikkelen Fotografiet som kjeldemateriale i arkiv og samlingar s. 4 - 9.

Fotografi i ulike typar offentlege og private arkiv ved Statsarkivet i Stavanger.