Statsarkivet skal ha tilsyn med arkivforholda i den offentlege forvaltinga innan sitt distrikt. Vi har og eit overordna tilsyn med alle kommunearkiva i fylket. Statsarkivet er med andre ord både eit forvaltingsorgan og ein vitskapleg kulturverninstitusjon.

Statsarkivet er fylkesansvarlig kontaktinstitusjon for privatarkivarbeidet og for fotobevaringsarbeidet i Rogaland. Fylkesfotonettverk Rogaland er eit samarbeidstiltak mellom 13 museum og arkivinstitusjonar i Rogaland. På den felles nettsida, http://www.fotonettverk-rogaland.no/ , kan du lesa meir om arbeidet med den fotografiske kulturarven i Rogaland.

Statsarkivet i Stavanger har eit nasjonalt ansvar for å bevare og gjere tilgjengeleg arkiv frå norsk petroleumssektor. Arkiva etter dei største oljeselskapa, fagbevegelsen, bransjeorganisasjonar og leverandørbedrifter på norsk sokkel er avlevert/deponert i våre magasin. I samarbeid med petroleumssektoren arbeider statsarkivet kontinuerlig for å sikre at den historiske delen av det norske olje- og gasseventyret vert dokumentert for ettertida. Arbeidet med å sikre arkivmaterialet vert utført av tilsette i statsarkivet si prosjektgruppe. Denne gruppa gjennomfører også andre eksternt finansierte oppdrag, anten det er frå private bedrifter eller statlege organ. Les meir under nettutstillingar – ExxonMobil Norges historiske arkiv. 

Statsarkivet tek imot spørsmål om fast eigedom, slekt og dokumentasjon knytt til ulike formål. Publikum kan kontakta oss med epost, brev, telefaks eller telefon. Sjå under adresse og opningstider.