Rettsoppgjeret etter lofthusreisinga på Agder i 1786 og 1787

Utgjevar: Margit Løyland

Lofthuskommisjonens underskrifter på sluttrapporten 1792: Moltke, Colbiørnsen, Sommerhielm og Aars. Arkivhenvisning: DRA. Højesteret. Domssager (1794-1979) 168.

Kristian Jensen Lofthus vart dømd til livsvarig fengsel fordi han samla allmogen til oppreister 1786–87. Saman med lokalt valde representantar var han fleire gonger i København for å levere klagebrev over embetsverk, borgarskap, skattetrykk og høge kornprisar. Styresmaktene reagerte kraftig på at han samla store folkemengder, og på at klagebrev og underskrifter blei levert direkte til kronprinsen utan å gå vegen om lokalt embetsverk, slik regelen var.

Men sjølv om styresmaktene brukte både militærmakt og rettsapparat mot Lofthus og tilhengjarane hans, innsåg dei at det var mykje rett i kritikken mot embetsmenn og borgarar. Lofthusoppreisten resulterte i:

  • at embetsmenn vart avsett 
  • nytt sportelreglement for kva embetsmenn kunne krevje av innbyggjarane
  • nye reglar for handel og oppheving av kornmonopol

Rapportane frå kommisjonsarbeidet etter lofthusoppreisten gir opplysningar om korleis vanlege innbyggjarar organiserte seg og argumenterte for sine synspunkt og handlemåtar.

Lofthusprosjektet skal publiserast både i bokform og som vitskapleg kjeldepublisering på nett. Rapportane frå kommisjonsarbeidet og Høgsterett si handsamminga av saka 1787–1799 blir gitt ut i trykt form, medan einskilddokument som klagebrev, kongebrev, supplikkar, amtmannsrapportar, promemoria, m.m. vil bli publisert på ein digital plattform. Rapportar frå tilstøytande kommisjonar, klagebrev frå andre delar av landet og nyare forskningsartiklar og litteratur vil også bli gjort digitalt tilgjengeleg same stad.

Ein smakebit frå dette materialet er presentert på Riksarkivet sin blogg Dokumentene forteller :
Ein kravstor prest i Telemark