Den første eigne stortingsmeldinga om arkiv vert lagt fram i Riksarkivet av kulturminister Hadia Tajik fredag 9. november 2013. Her vert arkiv skapte av statlege, kommunale og private verksemder handsama i samanheng. Den største utfordringa - handteringa av digitalt skapt arkiv - er felles for alle samfunnssektorar.

Det overordna målet for arkivpolitikken er å tryggja arkiv som har stor kulturell eller forskningsmessig verdi, eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon.