Framsiden av Bergensposten nr 1 2014

Bergensposten nr1\2014

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er skrive av statsarkivtilsette og lesesalgjestar.

Det første nummeret for 2014 var klart i papirform allereie i mars, men av ymse årsakar er det først tilgjengeleg på nettsidene no. I dette nummeret finn du variert innhald: Slektskrønike frå Lindås, beretning om Alexander Bull, son av Ole Bull, og musikerkarriera hans, trykkefridom i praksis etter 1814 og to artiklar om kyrkja i Noreg, som forkjempar mot basillar og som radioformidlar.

Sjå lenke til høgre for å lese heftet no.

Det andre nummeret av Bergensposten er eit spesialnummer i anledning 200-årsjubileet for Grunnlova. I dette nummeret kan du lese om korleis Grunnlova passar inn i eldre rettstradisjon, om sonene til Wilhelm Friman Koren Christie og deira meir mystisk mor, 17-mai-feiring i Bergen med utgangspunkt i grunnlovsjubileet i 1914 og kva resultata av 1814-prosjektet kan fortelje oss, med døme frå Trøndelag.

Sjå lenka til høgre for å lese heftet no. 

Alle hefta for Bergensposten er gratis, men om du ikkje kan hente dei sjølv (på lesesalen eller hos Turistinformasjonen i Bergen) ber me om at du betalar porto for sendinga. Det er óg mogeleg å abonnere på Bergensposten. 

Ta kontakt med Statsarkivet i Bergen for å tinga eit papirhefte.  

Framsiden av Bergensposten nr 2 2014

Bergensposten nr2\2014

Sjå samleside for dei elektroniske utgåva  av Bergensposten.