sjømannskirken i Rouen, Frankrike

Teikningar til den nye sjømannskyrkja, St. Olav, i Rouen, Frankrike. Kyrkja vart innvigd 27. juni 1926.

Bergensaren Johan Cordt Harmens Storjohan (1832-1914) tok initiativet til "Forening til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne". Stiftinga av organisasjonen 31. august 1864 var byrjinga på Den Norske Sjømannsmisjonen. Misjonen etablerte stasjonar i hamnar kor den norske handelsflåten segla for å vere "eit lite stykke Noreg" for dei norske sjømennene i utanriksfart. Dei første stasjonane var på plass i Leith, North Shields og Antwerpen i 1865. Etterkvart hadde Den Norske Sjømannsmisjonen stasjonar spreidd over heile verda.

Organisasjonen Sjømannskyrkja er frivillig og arkivet til Sjømannskyrkja er avlevert til Statsarkivet i Bergen som eit privatarkiv. Hos Statsarkivet er over 70 hyllemeter dokument frå Sjømannskyrkja. Her er nok kyrkjebøkene dei mest kjende, men her finn ein mellom anna adressebøker over nordmenn busett i utlandet.

I nettutstillinga om Den Norske Sjømannsmisjonen  vil ein kunne lese meir om organisasjonen, arkivet og adressebøkene. Nettutstillinga inneheld også lenker til dokument frå Sjømannskyrkja som er digitalisert og tilgjengleg i Digitalarkivet.