bergensposten nr3/2012

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er forfatta av dei tilsette, samt flittige lesesalsgjestar og arkivbrukarar.

Det tredje nummeret for 2012 ga me ut 12. desember i fjor, i samband med overtakinga av nybygg og rehabilitert bygg ved Statsarkivet. No er heftet også tilgjengeleg i to formar: eit trykt hefte du kan tinga (gratis, men kr 17,00 i porto) og ei pdf-fil du kan lasta ned (gratis, men du lyt ha installert Adobe Reader).

I dette nummeret av Bergensposten er det naturleg nok gitt mykje plass til Statsarkivet i form av artiklar om det gamle og det nye ved institusjonen. Diktet til Erling Gjelsvik om Statsarkivet, deklamert av forfattaren sjølv på opninga av nye Statsarkivet, er komen med. Men de kan óg lesa om andre ting, som til dømes korleis Runar Jordåen og Kenneth Bratland sporar opp gardeigar Wilhelm Frimann Koren Christie, og korleis Den Store Festen vart gjennomført i 1865, då Bergen Museum, Byparken og Fiskeriutstillingen opna, forfatta av Erik O. Paulsen.

Bergensposten nr 3/2012 ligg tilgjengeleg hos Statsarkivet i Årstadveien - merk ny inngang frå Stemmeveien - og hos Turistinformasjonen i Bergen sentrum. Om du ikkje kan henta deg eit eksemplar, kan du få eit sendt i posten. Ta kontakt med Statsarkivet i Bergen  for å tinga eit hefte. Ei elektronisk utgåve er tilgjengeleg på nettsidene . Der finn du også alle tidlegare nummer av Bergensposten.