Framsida til Bergensposten nr 2/2013

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er skrive av statsarkivtilsette og lesesalgjestar.

I dette nummeret av Bergensposten kan du lese om alt frå det nye tuntreet ved Statsarkivet til Kjetil Korsnes sin artikkel om strategisk bombing i Noreg frå dei allierte under andre verdskrig. Gina Dahl tek for seg kyrkjehistoria til Ludvig Holberg, medan Synøve Bringslid skriv om dei første kvinnene i norsk politikk i samband med stemmerettsjubileet. Christian Brun Larsen skriv om Hans Christian Knudsen, ein lovande kunstmålar som vart misjonær i Afrika, medan Kenneth Bratland fortel om livet til ein fabrikkarbeidarfamilie i Ytre Arna.

Heftet er gratis, men om du ikkje kan hente det sjølv (på lesesalen eller hos Turistinformasjonen i Bergen) ber me om at du betalar porto for sendinga. Det er óg mogeleg å abonnere på Bergensposten. Ta kontakt med Statsarkivet i Bergen for å tinga eit papirhefte . Bergenposten er også tilgjengeleg for nedlasting frå nettsidene. Gå til samlesida for alle nummer av Bergensposten for den elektroniske utgåva .