Kyrre-standarden kom første gang i 2005 og skulle vera til hjelp for alle som transkriberte kyrkjebøker for publisering på nettsidene til Digitalarkivet. Etter fleire innspel frå brukarar og etter fleire års arbeid med data registrert etter denne standarden, ser me at det er naudsynt med ei revidert utgåve. 

Me har no lagt eit høyringsutkast av den nye standarden - Kyrre 2.0 - ut på nettsidene  og ser fram til å få innspel frå alle engasjerte i dette feltet. Høyringsfristen er satt til 1. juli 2013.

God lesing, me ser fram til å høyra frå dykk!