Anne Karin Jåsund

Anne Karin Jåsund. Foto: Odd Furenes

Fotograflauget vart stifta som Stavanger Fotografiske Forening i 1906 og har i dag 61 medlemmer. Dette er fotografar frå heile fylket. Anne Karin har vore medlem sidan 1997. Dei siste ti åra har ho også vore kasserar. Anne Karin Jåsund har ein svært allsidig og spesiell fotografbakgrunn og er svært kunnskapsrik på området. Ho begynte som fotograf ved statsarkivet i 1981. Då kom ho frå lærerike år i fotofirma Olaf A. Ellingsen i Stavanger.