14. januar 1814 avstod Frederik 6. Noreg til kongen av Sverige ved Kielfreden. Fire dagar seinare, den 18. januar, signerte han eit opent brev til innbyggjarane i Noreg med kunngjering om at dei no var løyst frå truskapseiden dei som folk hadde gitt kongen. Han bad også om at folket som heilskap skulle gå over til den nye regjeringa ”med Orden og Rolighed”.

Slik gjekk det ikkje, som kjent. 16. februar samla statthaldar i Noreg, tronfølgjar Christian Frederik, framståande norske menn til ei rådslaging om framtida til landet, det såkalla Notabelmøtet på Eidsvoll. Frivillig union med Sverige var ikkje aktuelt, det var alle einige om. Men dei norske gjekk imot Christian Frederik sin opphavelege plan: å la seg kåre til konge ut frå arverett til trona. Georg Sverdrup skal i reine ord ha sagt til prinsen at han inga rett hadde til noko slikt - retten låg no hos det norske folket, og dei måtte sjølv få velje styringssett og ny konge, om landet skulle halde fram med å vere eit kongedøme.

Prinsen endra meining. 19. februar sende han ut eit opent brev der han gjorde greie for situasjonen Noreg no var i, og dessutan ei rekkje kunngjeringar og rundskriv med befaling om nasjonale val, og instruks for korleis dei skulle haldast.

Desse dokumenta kan du no sjå i utstillinga. God lesing!