bergensposten 2/2012

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er forfatta av dei tilsette, samt flittige lesesalsgjestar og arkivbrukarar.

Det andre nummeret for 2012 er no tilgjengeleg og kjem i to utgåver: eit trykt hefte du kan tinga (gratis, men kr 17,00 i porto) og ei pdf-fil du kan lasta ned (gratis, men du lyt ha installert Adobe Reader).

I dette nummeret av Bergensposten kan du mellom anna lesa Gunnar Lian si eiga skildring av livet som førstereisgutt på 50-talet. Nokre artiklar er framhald frå førre nummer. Medan me las om Albert Moss som drog med Titanic i førre nummer, får me i dette nummeret av Bergensposten presentert Moss-slekta frå Vestlandet. Fleire reiseskildringar frå dei tilsette ved Statsarkivet som drog til Tyskland i vår er også på plass i dette nummeret - i førre Bergensposten var me i Lübeck, i denne utgåva er me i Berlin. 

Bergensposten nr 2/2012 ligg tilgjengeleg hos Statsarkivet i Årstadveien 22 og hos Turistinformasjonen i Bergen sentrum. Om du ikkje kan henta deg eit eksemplar, kan du få eit sendt i posten. Ta kontakt med Statsarkivet i Bergen  for å tinga eit hefte. Ei elektronisk utgåve er tilgjengeleg på nettsidene  . Der finn du også alle tidlegare nummer av Bergensposten.