utsnitt fra nye lesesalen ved statsarkivet i bergen

Utsnitt av den nye lesesalen ved Statsarkivet i Bergen

Byggearbeidet som starta i 2010 ved Statsarkivet i Bergen går mot slutten. Dei gamle bygningane er ferdig restaurerte og 1. november opnar me heilt nye publikumsområde med ein svært flott lesesal.

Statsarkivet får ny inngang frå sørsida (Stemmevegen). Opp ein trapp til ein rampe som tek deg inn til resepsjonen. Trappefri adkomst med eiga parkering for rullestolbrukarar er også på plass. Det er ordinære parkeringsplassar bak nybygget (innkjøring frå Stemmevegen) og i hagen, på nordsida av huset.

Byggearbeidet hald fram ei tid til ved Statsarkivet og offisiell opning av bygget er ikkje før 12. desember. Men lokala for våre gjestar er no ferdig og me tek dei i bruk frå og med torsdag 1. november kl 0900. Velkomen!