Framsida til Bergensposten nr 1/2012

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er forfatta av dei tilsette og flittige lesesalsgjestar og arkivbrukarar.

Første nummer for 2012 er no tilgjengeleg og kjem i to utgåver: eit trykt hefte du kan tinga (gratis, men kr 17,00 i porto) og ei pdf-fil du kan lasta ned (gratis, men du lyt ha installert Adobe Reader).

I dette nummeret av Bergensposten kan du mellom anna lesa om Albert Moss frå Bergen som segla med Titanic, og om korleis bispebustaden i Bergen havna på Landås. Ei gruppe tilsette ved Statsarkivet har vore i Tyskland på studietur og nokre av reiseskildringane er teke med i dette nummeret av Bergensposten. 

Bergensposten nr 1/2012 ligg tilgjengeleg hos Statsarkivet i Årstadveien 22 og hos Turistinformasjonen i Bergen sentrum. Om du ikkje kan henta deg eit eksemplar, kan du få eit sendt i posten. Ta kontakt med Statsarkivet i Bergen  for å tinga eit hefte. Ei elektronisk utgåve er tilgjengeleg på nettsidene . Der finn du også alle tidlegare nummer av Bergensposten.