─ Vi overlét materialet i trygge hender, og er glade for at vi får den beste kompetansen i landet til arbeidet med digitaliseringa, seier riksantikvar Jørn Holme.

Riksantikvarens arkiv er eit eineståande historisk arkiv med samla historie om norske kulturminne helt frå 1830-talet. Arkivet inneheld brev, dokument, bilete og teikningar, sortert på kulturminne. Her kan ein finne historisk dokumentasjon på bygningar, kyrkjer, bruer, jernbaner, arkeologiske utgravingar, fartøy, kraftleidningar, parkar, vassdrag med meir.
 
 ─ Det er første gong vi går inn i eit prosjekt som inneber at heile arkivet til ein etat, både gamle, historiske og dagens dokument, blir digitaliserte, seier riksarkivar Ivar Fonnes entusiastisk.

Oppstarten på prosjektet blir markert ved ei høgtideleg signering i Riksarkivets lokale på Sognsvann torsdag 5. mai. Digitaliseringa skal skje i perioden frå 2011 til 2015. I løpet av denne tida skal ein kilometer saksmapper bli avlevert Riksarkivet, for digitalisering og oppbevaring .

For Riksantikvaren representerer avtalen om digitalisering og avlevering til Riksarkivet eit tidsskifte.

─ På sikt vil dette føre til at materialet blir meir tilgjengeleg, først og fremst for kulturminneforvaltninga, men òg for folk flest, seier riksantikvaren.

For meir informasjon, kontakt:

Turid Årsheim, Riksantikvaren: tel. 98 20 27 26
Margaret Aarsæter, Riksarkivet: tel. 97 18 87 94