nye konserveringsbygget for statsarkivet i Bergen

Det nye konserveringsbygget for Statsarkivet i Bergen. Frå hausten 2011 vil bygget fungera som hovudbygning, med mellombels kontorar og lesesal.

Inngangen til dei mellombels lokala for Statsarkivet i Bergen er plassert i passasjen mellom bygninga frå 1920-talet og dei nyare bygningane. Ein kjem til inngangen frå hagen/nordsida av huset. Det er høve til å parkera i hagen, men det er òg ein ny og stor parkeringsplass på sørsida av huset - i Stemmevegen. Om ein parkerar på sørsida må ein gå ut i Årstadvegen og inn i hagen for å koma til inngangen.

Lesesalen er flytta til det nye konserveringsbygget. Det er skilta veg frå inngangen til lesesalen. Oppbevaringsskap finn ein ved inngangen.

Det gamle bygget frå 1920 skal gå gjennom ei større endring med mellom anna lesesal og kontorar i dei gamle magasina. Følj byggeprosjektet på Facebook!