Digitalarkivet sel trykte hefte av folketeljingane frå 1801, 1865, 1900 og no også 1910. Medan dei tre tidlegare teljingane berre kan tingast som ferdig trykte hefte, er hefta til 1910-teljinga lagt ut som pdf-filar i tillegg. Du kan då skriva ut hefta på eigehand.

I hefta finn ein teljingslistene som du kan sjå døme på til venstre, og register til førenamn, etternamn, bustad/gard og fødestad. I innleiinga finn du oversyn over kodar og avkortingar som er nytta i listene.