Forsiden til bergensposten nr 2/2011

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er forfatta av tilsette ved statsarkivet og av flittige brukarar av arkiva på statsarkivet.

Andre nummer for 2011 er no tilgjengeleg og kjem i to utgåver: eit trykt hefte som kan tingast i nettbutikken (gratis, men kr 17,00 i porto) og ein pdf-fil som kan lastast ned (gratis).

Juni-nummeret av Bergensposten er i stor grad via og til minne om Egil Øvrebø, tidlegare statsarkivar i Bergen. Utanom artiklar av eller om Egil Øvrebø, finn me og artiklar om slekten Rolfsen, planar for utbåtbunker på Laksevåg, studietur til Riksarkivet, mm. 

Gå til nettbutikken for å tinga eit papirhefte, eller last ned den elektroniske utgåva: 

Bergensposten 2/2011