Arbeidsgruppa samla i Trondheim. Frå venstre: Gunnar Klippenvåg Sørum, Ingeborg Stensrud, Thomas Olsen, Gro-Anita Mortensen, Anette Hagen og  Vidar Bjørnsen (Patricia Haeck var ikkje til stades) Foto: Arkivverket.

Arbeidsgruppa samla i Trondheim. Frå venstre: Gunnar Klippenvåg Sørum, Ingeborg Stensrud, Thomas Olsen, Gro-Anita Mortensen, Anette Hagen og Vidar Bjørnsen (Patricia Haeck var ikkje til stades) Foto: Arkivverket.

Arkivverket ynskjer å utvikle digitale læremiddel i historie til vidaregående skuleelevar i heile Noreg. For å få det til samarbeider vi tett med Nasjonal digital læringsarena (NDLA). No ligg første bidrag frå Arkivverket ute som pilot for dei nye historiefaga til NDLA

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) skal frå hausten 2014 starte arbeidet med å utvikle historiefaget. I samband med dette har Arkivverket jobba tett saman med leiarane for fagleg utvikling i NDLA. No er det første undervisningsmateriale som Arkivverket har utvikla tilgjengeleg på NDLA sine nettsider. Bidraga, som førebels ligg ute som pilot for det nye faget, omhandlar andre verdskrig. Det er teke utgangspunkt i ulike tema frå fleire delar av landet, mellom anna invasjonen i april 1940, bombinga av byar, jødeforfølginga, økonomisk kollaborasjon, og korleis tysk okkupasjon prega kvardagen, og då spesielt skulekvardagen. Delar av materiale har ikkje tidlegare vore publisert eller tilgjengeleggjort. Det digitale tilbodet kan både brukast på nett, og ved besøk i dei ulike arkiva i Noreg.

Eit av hovudføremåla med historiefaget er at ”… faget skal fremme evnen til å bearbeide og vurdere historisk materiale og annen informasjon. Historisk innsikt kan bidra til å forstå egen samtid bedre, og til å forstå at en selv er del av en historisk prosess og skaper historie” . I denne samanhengen kan og bør arkiva spele ei viktig rolle.

– Hensikta er at skulane i langt større grad enn i dag skal få tilgang vil viktige historier frå arkiva, og at elevane skal få jobbe med viktig arkivmateriale i læringssituasjonen, seier Gro-Anita Mortensen, prosjektleiar for utviklinga av digitale læremiddel i Arkivverket.

Viser veg til primærkjeldene

Ragna Tørdal er leiar for fagleg utvikling i NDLA. Ho fortel at planen er å kunne tilby eit komplett tilbod for dei nye faga Historie Vg2 og Vg3 hausten 2016. Men alt no kan elevane ta i bruk stoffet som Arkivverket har bidrege med.

–  Vi er i startgropa med å lage historiefaget. Det stoffet som Arkivverket har bidrege med viser korleis vi ser for oss å utvikle faget. Det som ligg ute no er eit utstillingsvindauge for alt det flotte som finst i Arkivverket, og det gir elevane moglegheit til å jobbe med primærkjelder, seier ho.

Arkivverket og NDLA har ein intensjonsavtale. Meir stoff frå arkiva skal etter planen leverast. Andre aktørar, både offentlege og kommersielle, kjem også til å bidra med stoff til dei nye historiefaga.

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit fylkeskommunalt samarbeid som har som mål å tilby kvalitetssikra, fritt tilgjengelege, nettbaserte læremiddel i alle fag i vidaregåande opplæring. Elevane brukar innhaldet på NDLA som eit supplement til læreboka, eller dei vel å kun nytta nettstaden, dette er mykje opp til skulane sjølve. Nettstaden har 40.000 brukarar per dag, og i alt over 200 000 brukarar på ei veke.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe for utvikling av digitale læremiddel i Arkivverket, med representantar frå Statsarkiva i Oslo, Kristiansand, Kongsberg, Tromsø og Trondheim, saman med Riksarkivet.

Arbeidsgruppa består av:  

Anette Hagen , rådgjevar Statsarkivet i Kongsberg

Gro-Anita Mortensen , seksjonssjef formidling Statsarkivet i Trondheim/prosjektleiar for utviklinga av digitale læremiddel i Arkivverket

Gunnar Klippenvåg Sørum , arkivar Statsarkivet i Trondheim

Ingeborg Stensrud , rådgjevar Statsarkivet i Oslo

Patricia Haeck , rådgjevar seksjon for formidling, Riksarkivet

Thomas Olsen , arkivar Statsarkivet i Kristiansand

Vidar Bjørnsen , rådgiver Statsarkivet i Tromsø

I tillegg har rådgjevar Elin Jacobsen  og konsulent/bibliotekar Regina Tödter  frå Statsarkivet i Trondheim og Gunn Løwe , arkivar hos Riksarkivet bidrege i arbeidet.

For meir informasjon eller spørsmål: kontakt Gro-Anita Mortensen, prosjektleiar for utviklinga av digitale læremiddel i Arkivverket, mob: 41 43 84 69