Side 125b fra ministerialbok A1 for St. Jørgen i Bergen

Trulova og vigde i 1802 i kyrkjeboka frå St. Jørgen i Bergen

Registreringsarbeidet dannar grunnlaget for eit større prosjekt, Historisk befolkningsregister (HBR) . Her vil ein få eit oversyn over befolkninga i Noreg frå 1801 og fram til moderne tid ved at informasjonen om ein person frå ulike kjelder koplast saman. Men før ein kjem dit, startar ein i det små med Det norske folk i 1814 (DNF1814) . Her vil ein kopla saman personinformasjon frå folketeljinga 1801 og dei transkriberte kyrkjebøkene frå perioden 1801-1814. På det viset vil ein kunna følgja livsløp til personar i Noreg for 200 år sidan.

Transkriberingsdugnaden for kyrkjebøkene har gått overmåte bra. No står berre 5 vigselslister att å registrera, medan det for døypte gjenstår 48 lister og for gravlagde 45. (Sjå detaljerte lister til høgre.)

Det er flest ledige lister på Austlandet: Østfold, Akershus, Hedmark, Vestfold og Telemark. 

Det er ein imponerande innsats som er lagt ned i dette arbeidet. Privatpersonar og foreiningar har meldt seg til arbeid og sommaren har ikkje lagt ein dempar på innsatsen. Me vil svært gjerne avslutta prosjektet før året er omme. Om du vil ta del i transkriberingsarbeidet så er det berre å kontakta 1814-prosjektet@arkivverket.no  Me ser fram til å høyra frå deg!