I byrjinga var Dyrsku’n først og fremst meint for utstilling og handel med dyr.
Frå starten hadde fesjået som føresetnad at berre dyr av telemarksrasen, vår eldste storferase, kunne tevle om premie. Arrangementet blir derfor omtalt som det første rasefesjået i landet. Etter 2.verdenskrig fekk også andre storferasar vere med i utstillinga, og frå 1962 blei også bygdekunst og husflid representert. Dyrsku’n har derfor utvikla seg til å bli ein nasjonal møteplass for landbruk, kultur og folkeliv.
Dyrskudommarar, udatert. Frå venstre: Knut Lie, Lars P. Virland, O. Kokkind, P. Gjerdrum og dyrlege Gjørud. Fylkeslandbruksselskapet i Telemark, Fotoalbum 3