Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

I arkiva våre finn me protokollar med vêrobservasjoner utførte ved Bergenhus Festnings Hovedvakt for perioden 1866-1878, i tillegg til ei instruksjonsbok for vêrobservasjonar forfatta av Mohn sjølv. Dette indikerer at Bergenhus var eit av dei faste verobservasjonspostane for Meteorologisk Institutt.

Utsnitt av værobservasjonsskjema for Pleiestiftelsen i Bergen 1904

Utsnitt av skjema for verobservasjon for september 1904 frå Pleiestiftelsen i Bergen.

Det var likevel ikkje berre ved Bergenhus dei i Bergen samla vêrdata i andre halvdel av 1800-talet. Overlege D. C. Danielssen (1815-1894) ved Lungegaardshospitalet i Bergen førte nitidige observasjonar frå 1850-1892 . Han var ute med sine registreringar lenge før instituttet vart grunnlagt. Lungegaardshospitalet var eit forskningssjukehus Danielsen hadde fått etablert i 1847 for å løyse gåtene rundt lepra. Danielssen var ein allsidig mann, og viste stor bredde og kunnskap innan mange greinar av naturvitskap, deriblant vêret. Han deltok mellom anna på Den norske nordhavsekspedisjonen 1876-1878, der professor Mohn òg var med. Etter at Danielsen døydde i 1894 heldt dei fram med vêrobservasjonane på Pleiestiftelsen no. 1. I arkiva finn me utfylte vêrskjema frå 1904 og 1905 .



.