Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Denne nettutstillinga, saman med publiseringa av heimstavnsprotokollane 1854-1883 og protokoll over lemmar ved Tukthuset i Bergen 1771-1776, er bidrag frå Statsarkivet i Bergen til Fattigprosjektet i Vest.

Dei andre aktørane som har delteke i prosjektet er Fylkesarkivet i Hordaland, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Byarkivet i Bergen, Interkommunalt arkiv i Hordaland og Historisk institutt ved Universitetet i Bergen. Fleire av desse aktørane har også produsert materiale for å markera hendinga. Noko av det som tidlegare er publisert finst på vår felles nettstad www.fattigkassa.no

I juni 2003 løyvde ABM-utvikling  midlar til digitalisering og formidling av fattigmanntala for Bergen 1863-1895. Dette arbeidet skulle gjennomførast ved og under leiing av Statsarkivet i Bergen. Dette arbeidet er no fullført - protokollane er skanna og det er laga register over alle personane som er nemne i fattigmanntala. Dette materialet er tilgjengeleg i Digitalarkivet. Me takkar ABM-utvikling for støtta!



.