Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Organiseringa av fattigvesenet

Fattigforordninga for Bergen stift var den andre i rekka av fire fattigforordningar - éi for kvart av stifta i Noreg. Med denne fattigforordninga fekk stiftet for første gong eit offentleg fattigvesen med klart definerte aktørar og rammer. Ein fekk eit lovverk som slo fast kven som hadde rett på stønad, kva for stønad dei kunne få, og ein fekk også fordelt ansvaret for dei fattige mellom private og det offentlege.

Ansvaret for fattigstellet lokalt i kvart prestegjeld utanom Bergen vart lagt til ein lokal fattigkommisjon. I fattigforordninga for Bergen stift, vart desse lokale kommisjonane kalla soknekommisjonar. Medlemmane i kommisjonen i landdistrikta i Bergen stift var soknepresten, ein eventuell kapellan, lensmannen, medhjelparane til presten, og "tvende Sognemænd" som futen skulle utnemna etter forslag frå soknepresten. Soknekommisjonen skulle ha alt ansvaret for fattigstellet lokalt, både når det gjaldt å skaffa inntekter til fattigkassa, og å dela ut midlar til dei fattige.

Innføringa av lokale soknekommisjonar var ikkje like enkelt alle stader. I Sunnhordland var det vanskeleg å få organisert fattigstellet etter stiftsforordninga, på grunn av "opsætsighed" frå almogen si side. For Tysnes og Stord prestegjeld i Sunnhordland finst det til dømes ikkje arkivmateriale etter fattigvesenet i prestegjelda før ut på 1830-talet. Ikkje fordi protokollane må vera tapt, men truleg heller på grunn av at dei ikkje organiserte fattigstellet etter forordninga av 1755 før dei vart tvungne til det. I Skånevik vart det etter oppfordring av biskop Neumann i 1826 laga ein plan for å få til ein organisering av fattigvesenet " fuldkommen i Overensstemmelse med Forordningen af 29de August 1755 ". I Tysnes skjedde dette først etter at saka vart brakt inn for retten og dom hadde falle i 1837. I Stord fekk dei i 1837 påbod frå stiftsdireksjonen om å få avskaffa betleriet innan seks månader, og få organisert fattigstellet etter forordninga av 1755. Stord fattigkommisjon bad då om utsetjing jamvel om det var gått meir enn 80 år sidan forordninga kom!

overfattigkommisjonens segl

Seglet til Overfattigkommisjonen i Bergen

Ein overfattigkommisjon, gjerne berre kalla overkommisjon, på stiftsnivå førte kontroll med dei lokale kommisjonane. Kontrollen baserte seg for det meste på rekneskap og anna materiale som dei lokale kommisjonane sende inn til overkommisjonen, og berre i liten grad på besøk i prestegjelda. Overfattigkommisjonen skulle i tillegg rettleia fattigkommisjonane i deira arbeid. Dukka det opp spørsmål overkommisjonen ikkje var i stand til å avgjera ut frå forordninga, skulle saka leggjast fram for kongen.

I tillegg til å vera kontrollorgan for dei lokale fattigkommisjonane i landdistrikta, var overkommisjonen også fattigkommisjon for Bergen by. I tillegg til dei faste medlemmane i overfattigkommisjonen, skulle det også veljast fattigforstandarar blant dei mest gudfryktige og skikkelege mennene i byen. Det vart også utnemnd rode- eller kvartermeistrar som skulle gå forstandarane til hende.


Skilje mellom verdige og uverdige fattige

Forordninga for Bergen stift oppretthaldt og vidareførte det gamle skiljet mellom verdige og uverdige fattige. Dei lokale kommisjonane måtte vurdera kven som skulle plasserast i kvar av desse kategoriane. Dei såkalla verdige fattige skulle få hjelp i byen eller i det prestegjeldet dei hadde heimstavnsrett, det vil seia det distriktet ein sist hadde budd samanhengande i to år og søkt nattverd. Dei som vart rekna som verdige fattige var personar som var ute av stand til å arbeida og som hadde heimstavnsrett i prestegjeldet, og i tillegg born under 12 år. Fattige som ikkje hadde halde seg ein stad lenge nok til å få seg heimstavnsrett, altså framande fattige, skulle utstyrast med reisepass og pengar og sendast til heimstaden. I landdistrikta besto fattighjelpa av at dei anten vart sett i legd, eller at dei kunne få støtte i heimen. I byane skulle verdige fattige anten plasserast i institusjon eller få stønad i heimen. Dei uverdige fattige som stiftsforordninga definerte som "selvraadige, Lade, Modvillige, Friske og Arbeydsføre Betlere" som ikkje ville arbeida for føda eller ta teneste på årsbasis, skulle derimot ikkje få noko hjelp frå det offentlege. Desse skulle i staden setjast inn i tukthuset i Bergen " og der forblive indtil at Han eller Hun sig forbedrer ".

tukthus

Bergen tukt- og manufakturhus

Fattigforordninga slo fast at absolutt all betling og lausgjengeri skulle straffast med opphald i tukthuset, som allereie hadde vore i drift ei stund. Tukthuset vart brukt som tvangsarbeidsanstalt for mellom anna betlarar, lausgjengarar, rømte tenestefolk og lausaktige kvinner. Samstundes var institusjonen i bruk som oppdragingssanstalt for ulydige barn. Ukonfirmert ungdom kunne dessutan bli innsatt der til dei vart konfirmert. Som om ikkje dette klientellet var blanda nok frå før, vart det og innsett straffedømte på tukthuset. Frå 1789 vart tukthusopphald ein vanleg straff for ein del tjuveri, og framover i tid vart tukthusa meir og meir prega av å vera straffeanstaltar. Etter at den nye straffelova kom i 1842, var tukthuset utelukkande straffeanstalt.

Dei uverdige fattige vart i forordninga omtalte som "selvraadige, Lade, Modvillige, Friske og Arbeidsføre Betlere, som ey vil arbeyde for deres Føde, eller begive sig i virkelig hele Aars Tieneste ". Den same gruppa hadde også tidlegare vore omhandla i lovverket, mellom anna slo tenesteforordninga av 9. august 1754 fast at alle vaksne personar hadde plikt til å ta teneste. For å finna betlarane og dei som skulka unna tenesteplikta, innførte stiftsforordninga såkalla generalinkvisisjonar som hadde som mål å reinska landsbygda og byen " fra Stærke og Arbeydsføre Betlere, Omstrippere og deslige Løst-Folk, som verken vil tiene, eller sig med nogen bekiendt ærlig og lovlig Handtering ernære ". Dei som vart funne ved inkvisisjonen, skulle pågripast og forvarast omhyggeleg til dei kunne stillast for retten. Slike inkvisisjonar skulle deretter gjentas to gongar årleg, og skulle setjast i verk etter ordre frå Stiftsbefalingsmannen.


Mot ei ny tid

Med unntak av nokre lokale initiativ og ordningar, var fattigforordninga frå 1755 i all hovudsak gjeldande fram til dei nye fattiglovene vart vedteke i 1845. Med formannskapslovene av 1837 vart det likevel nokre endringar på det organisatoriske planet. Desse lovene innførte og det såkalla kombinerte formannsskapet i landdistrikta. Det kombinerte formannskapet fekk ansvar for skule- og fattigstellet i kommunen, og bestod av det vanlege formannskapet utvida med medlemmane av skule- og/eller fattigkommisjonen, og med soknepresten som leiar. Dei kombinerte formannskapet vart for fattigvesenet sin del oppheva ved innføringa av dei nye fattiglovene i 1845.



.