Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Fattigforordninga av 1755 er ikkje unik verken i ein norsk eller ein europeisk samanheng. Snarare tvert om: Ordninga av fattigvesenet i Bergen stift på midten av 1700-talet var ein del av den samla dansk-norske nasjonsbygginga, og står i ein tradisjon for å skilja dei rette frå dei urettmessig fattige som går tilbake til den kanoniske retten i høgmellomalderen. Det som er spesielt med Fattigforordninga av 1755 er at den står som eit vegskilje i norsk historie då pietismen ebba ut og kameralismen og naturrettstenkinga flødde inn i det norske intellektuelle livet, slik at vitskap avløyste religion som rettsleg og politisk styringskart.

Biskop Erik Pontoppidan 1698-1764

Biskop Erik Pontoppidan (1698-1764). Biskop i Bergen frå 1747 og far til fattigforordninga for Bergen stift i 1755.

Føremålet med Fattigforordninga for Bergen stift av 1755 var å vera både "til Hielp for rette Almisse Lemmer, som til Straf for Lade og Ørkesløse Betlere". Dette var ein gamal problematikk som går tilbake til "Decretum Gratiani" frå om lag midten av 1100-talet. Dette verket var den viktigaste samlinga av kanonisk rett, som vil seia kyrkjerett, i mellomalderen. Sjølv om både Den eldre Gulatingslova og Frostatingslova ber preg av sterk påverknad frå både romersk og kanonisk rett generelt, ser det ut til at alle fattige vart skorne over ein kam i desse mellomalderske rettsbøkene.

I høgmellomalderen tok kongsmakta eit fast grep om heile fattigproblematikken for best mogeleg å kunna utføra si eigentlege oppgåve: Å ta hand om dei urettmessige fattige som tigga i staden for å arbeida. Problemet med tigging og landstryking vart for alvor tatt opp igjen under kong Kristian IV på byrjinga av 1600-talet. Dette var generelt ein periode prega av moralsk panikk i kjølvatnet etter reformasjonen, som vil seia at det herska ei frykt for at sentrale strukturar i samfunnet haldt på å forvitra på grunn av dårleg moral. For å hindra ein samfunnsmessig kollaps måtte difor umoral tuktast.

Slike tankar er bakgrunnen for kampen mot kriminalitet i det etterreformatoriske Europa der det dansknorske riket på ingen måte var noko unnatak. Trolldomsprosessane, ei streng seksuallovgjeving og kampen mot tigging og landstryking sprang alle ut av denne moralske panikken.

Delinga av statsmakta mellom konge og kyrkje opphøyrte med reformasjonen i 1536, og det var kongen åleine som skulle laga og handheva lover. Samstundes forsvann etter kvart det regelverket og det personalet som hadde handhevda dei kyrkjelege lovene. Dermed oppstod det eit rettsleg vakuum som gjorde at det ikkje fanst reglar for til dømes seksuell utukt. Av den grunn måtte kongen gje lover på det som tidlegare hadde vore kyrkja sitt rettsområde. Ei viktig inspirasjonskjelde i dette arbeidet vart Moselovene. Ei av årsakene til dette var at reformasjonen i seg sjølv var meint som ei tilbakeføring av kyrkja til det opphavlege grunnlaget, og dermed vart heile den katolske teksttradisjonen, som alle kyrkjelege lover og rettsleg litteratur var ein del av, bytt ut med Bibelen.

Det var ikkje bare lover om hor, tjuveri og trolldom som vart inspirert av Moselovene, og i løpet av 1500- og 1600-talet tok ein i Danmark og Noreg inn over seg heile det idémessige grunnlaget for den mosaiske strafferettstenkinga. Å forfølgja og straffa kriminelle vart etter ein slik tankegong ei presserande oppgåve for kongen. For dersom kriminelle ikkje vart straffa, og dersom dei ikkje vart straffa strengt nok, vil Guds straff ramma heile samfunnet. Denne tanken var styrande i den dansk-norske kriminalpolitikken fram mot midten av 1700-talet.

Det var med bakgrunn i desse tankane at fattigforordninga for Bergen stift vart utforma i 1755. Dei "verdige" fattige skulle hjelpast, men dei som ikkje ville følgje reglane og normene, skulle tuktast.



.