Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Kring om i Bergen sat fleire agentar og telegrafistar og forsynte engelskmennene med informasjon. Den militære leiinga i London var difor godt orienterte. Flytedokken på Laksevåg vart peika ut som det høgst prioriterte målet av britane.

Utklippet er frå ein britisk etterretningsrapport som i detalj skildrar flytedokken og det næraste området ikring. Rapporten er henta frå arkivet til Distriktskommando Vestlandet (DKV) i Statsarkivet i Bergen.

Den 9. april 1944 gjorde engelskmennene eit mislukka forsøk på å sprenga flytedokken. I staden for å ta flytedokken tok dei i staden det tyske lasteskipet "Bärenfels" som låg ved dokk. Ingen nordmenn omkom i dette angrepet, men det vert sagt at nokre tyskarar omkom og fleire vart skadde.

flyfoto av Laksevåg 1944

Flyfoto av Laksevåg fra tidleg i september 1944. Foto: Statsarkivet i Bergen

Det neste forsøket, den 11. september same året, var derimot "vellukka". Flytedokken vart senka, men 16 norske arbeidere ble drept der og da. I tillegg vart ein av arbeidarane så hardt kvesta at han døydde av skadane 28. november 1944. Fra 18. til 23. september vart dei omkomne som til då var funne, gravlagde. 1 1/2 månad seinare råka krigen Laksevåg på ny då Holen skule vart truffen av bomber.


Teksten her er bygd på materiale frå Bjørn Davidsen, og interesserte kan lesa meir om sprenginga av flytedokken på Laksevåg i hans artikkel Flytedokken skal senkes! .

Sjå også Digitalarkivet si utstilling om eksplosjonsulukka i Bergen 20. april 1944 .



.