I denne artikkelen vil eg omtale arkiva etter gassverket og vassverket. Eg vil utelate arkiva etter vegvesenet og kloakkvesenet då det vil bli for omfattande å omtale alle desse arkiva.

Arkivet etter Bergens Gassverk omfattar perioden frå midten av 1800-talet til gassverket vart lagt ned i 1984. Arkivet etter vassverket i Bergen kommune er frå same perioden (1869-1970-talet) Det som gjer arkiva interessante, er at dei er skapt omtrent i same periode og at innføring av dei tekniske nyvinningane fekk store konsekvensar for dagleglivet i byen.

Eg vil i tillegg til å omtale arkiva, ta eit historisk tilbakeblikk for å vise kva forhold folk levde under i Bergen på 1800-talet. Eg vil også ta med administrasjonshistorie og bedriftshistorie for å sette ting i samanheng. Til slutt blir dei ulike seriane i arkiva omtalt.

Historikk

Arkiva etter Gassverket og vassverket er eit resultat av ei sterk teknologisk utvikling frå midten av 1800-talet. Busetnaden i Bergen var konsentrert på eit lite område i forhold til i dag. Husa var stort sette lave trebygningar. Maten vart kokt på kjøkkenomnen og vatnet måtte hentast i bøtter frå brønnen.

Folkemengda i byen auka fram mot midten av 1850-talet(1 ). Sjølv om det regnar mykje i Bergen, var tilgang på nok vatn til den aukande folkemengda eit problem. Det vart også etter kvart behov for andre energikjelder til oppvarming og lys.

Når det galdt vasstilførsel, var kvar grunneigar i byen vist til å skaffe seg vatn innanfor sin eigen eigedom, eller hente vatnet frå ei kjelde på offentleg eigedom. I Bergen var det mange brønnar og dei fleste av dei var behaldarar for overflatevatn. Ein var avhengig av oppsamling av regnvatn. Som regel hadde kvar einaste eigedom ein eller fleire brønnar.

Når det galdt tilgang på vatn var austbyen langt betre stilt enn Nordnes fordi austbyen låg opp mot foten av Fløyfjellet og fordi det der fanst fleire naturlege bekkar og vassårer. I Dreggen rann det t.d. ein bekk som vart kalla Åen gjennom “Åkroken”. Frå Stølen kom det eit bekkefar som skaffa tilsig til fleire brønnar på Bryggen. På sørsida av Øvre Korskirkealmenning rann “Thevannsbekken” fra “Thevannshollet” oppe i fjellsiden og dukka opp i Herman von Tangens eiendom ved Kong Oscars gate. Den vart kalla “Ramskilden”.(2 )

Bispebrønnen

Bispebrønnen var kjent for at den hadde det beste vatnet i byen. Om denne fortel Hildebrand Meyer (1764) at vatnet vart leia i renner frå fjellsida, der det var “en levende kilde”, til borggården eller trappa til bispegården (Katedralskolens noverande tomt). Han skriv at den alltid førte vatn både sommar og vinter. Det var vanleg at folk kom langvegs ifrå for å hente vatn frå Bispebrønnen.(3 )

I 1826 var det i alt 1879 brønnar i Bergen. Av dei hadde 698 pumper. (4 )

Eit av dei siste åra før Bergen fekk vassverk, sette det inn med tørke om sommaren. Ein måtte frakte vatn til byen med skip.Trehusa i Bergen var fleire gonger ramma av brannar. Det var bl.a. ein stor brann i Bergen i 1855, like før vassverket var ferdig utbygd. Brannvesenet hadde stort behov for lettare tilgang på vatn.(5 )

Tollbodalmenning

I 1848-49 herja koleraen i Bergen. Den hadde komme frå Russland via Tyskland. 60 % av dei som vart smitta døde. I Bergen døde 600 personar (av ei folkemengde på ca 25 000). Ein var klar over at det dårlege drikkevatnet var ein medverkande årsak til utbreiinga av sjukdommen. (6 )

Det var ikkje så god tilgang på drikkevatn og det var ikkje noko hygienisk sikkert avløpssystem. Det var for det meste opne veiter. Med eit slikt system i områder med brønnar var det stor fare for at drikkevatnet skulle bli forureina.

Det vart sett ned ein komite til å greie ut vasspørsmålet. Komite-forslaget vart lagt fram i 1842: Ein skulle grave 15 nye, vide og djupe brønnar på almenningane og fire brønnar skulle kjøpast av private. Gravinga skulle utførast i sommarhalvåret av slavar dvs, straffangar på Bergenhus. Samtidig vart det vurdert om ein kunne ta ibruk Skomakerdiket til drikkevatn. Formannskapet gjekk inn for at det berre skulle gravast to nye brønnar. Det vart ikkje tilfredstillande vassforsyning av dette.

I 1850 vart det utarbeidd ei plan for vassforsyning frå Svartediket. I 1855 kunne vatnet leverast frå offentleg leidning i byen. Frå då av har det eksistert offentleg vassverk i Bergen og det har stadig vore behov for utvidingar.

Initiativtakarane

Dei som stod i spissen for å bygge ut vassverk i Bergen var ingeniørane Klingenberg og Oluf Pihl. Klingenberg var først konsulent så entreprenør for vassverket i Bergen. Han samarbeidde med Pihl som var styrar for gassverket i Kristiania.

I 1854 vart det vedtatt å opprette ein eigen Stadsingeniørstilling i Bergen. Stadsingeniøren skulle ha ansvaret for gater og vegar, brulegging, vassleidning, bygningar, brannvesenet, kloakkvesenet og gassverket. Daniel Hansen hadde vore i kommunen si teneste sida 1853 og vart i 1856 tilsett i den nye Stadsingeniørstillinga. Han satt i stillinga i 40 år .

Leidningsnettet for vatn og gass vart lagt i same gater og ofte i same grøfter. Bygging av gassverket vart overlatt til eit privat selskap medan vassverket vart kosta av kommunen.

Arkivet

Arkivet etter vassverket og kloakkvesenet i Bergen har materiale tilbake til 1869 (generalregister for kontobok 1869-1968 og generalregister for rørleggaranmeldelser 1870-1936), men mesteparten er frå perioden etter omorganiseringa av Stadsingeniørkontoret i 1895.

Kvar avdeling vart etter 1895 styrt av ein inspektør. Det som galdt vassverket før 1895 er ein del av Stadsingeniørens arkiv. Byarkivet har arkivmateriale frå Stadsingeniørkontoret tilbake til 1863, men det er først etter omorganiseringa i 1895 at kontoret blir inndelt i “vesen” og får den strukturen vi kjenner med Vatn- kloakk og vegvesen. Når det gjeld kloakkvesenet vart dette lagt under same avdeling som veg ved oppdeling av Stadsingeniørkontoret i 1879. Det er felles kopibøker og journalar for Veg og Kloakkvesenet frå 1882-1895. Desse er plasserte under Bergen Veivesen sitt arkiv . I 1895 vart Brannvesenet og Vann og Kloakk lagt til same avdeling. Vatn og kloakk vart eiga avdeling i 1910. Arkivmaterialet gjenspeglar endringane i organisasjonen. Ein har derfor funne det mest teneleg å halde arkiva oppdelte i fleire tilvekstnummer.

Arkivet til vatn- og kloakkvesenet i Bergen (før kommunesammenslåinga i 1972) er på ca 50 hyllemeter. Det finst 3685 kart og teikningar i forskjellige format. Det såkalla rørleggararkivet er ikkje innlemma i arkivet, men er eit viktig og innhaldsrikt arkiv. Rørleggararkivet er på ca 200 hyllemeter og går tilbake til århundreskiftet. Her finn ein situasjonskart over utvendige vassleidningar på kvar enkelt eigedom og kart over innvendige røropplegg i hus. Det finst ei mappe til kvar enkelt eigedom ordna etter gards- og bruksnummer. I desse mappene kan ein også finne byggeløyve og utsleppsløyve. Administrsjonen for vatn og kloakk oppbevarer dette arkivet på avdelinga. Mesteparten av arkivet er mikrofilma og lagt på data.

Ordningsprosjektet omfatta også dei tidlegare omlandskommunane sitt arkiv fram til 1972, men eg skal ikkje omtale dette materialet her.

For å illustrere kva for opplysningar vi kan få i arkiva etter vassverket og gassverket vil eg ta nokre døme:

Når det gjeld vassverket sitt arkiv finn ein i dette materialet bl.a. opplysningar om forbruk av vatn i byen. I vassmålerjournalen er det notert forbruk. Hovudvassmålerjournalen går tilbake til 1922, men ved hjelp av årsmeldingane for vassverket, kan ein rekne ut forbruk av vatn pr. person i byen.Vi ser av søylediagrammet at i 1900 brukte kvar person i Bergen gjennomsnittleg 225 liter vatn pr. døgn. På dette tidspunket hadde ein eit forholdsvist bra utbygd vassleidningsnett, men ennå var det ikkje lagt inn vatn i alle hus. Mange var avhengig av å bære alt dei trong til husbruk. Vi veit at når vassverket stod ferdig i 1855 så var det 14 offentlege kranar og 45 brann-hydrantar. Vassverket vart stadig utvida og tilgangen vart betre. Rørleggar- anmeldelsane (under signatur H) kan gje oss eit bilete av dette.(beg. i 1895) Vi ser av søylediagrammet at auka tilgang på vatn gav auka forbruk.

I 1954 hadde vass-forbruket fordobla seg. Ein hadde fått lagt inn vatn i husa og mange har fått vass-klosett. I arkivet finst det journalar som er kalla WC-journal. Desse journalane gje opplysningar om slike installasjonar. Vi kan ut av desse lese korleis dei sanitære forholda betra seg i ein trong og tettbygd by. Journalen er ordna alfabetisk på gatenamn. Det finst også register over installerte toalett med og uten grube. Dette var før rørnettet var godt utbygd.

I vassverksarkivet kan ein finne meterologiske data under avsnittet “drift” og i vannverksjefen sitt handarkiv under signatur Fb:5 ligg det nedbørsobservasjonar tilbake til 1861. Tidlegare vassverksjef Oddvin Fonn har laga ein statistikk på variasjone av nedbørsmengde i dei ulike bydelane i Bergen.Vi veit alle at det regnar mykje i Bergen, det er ca 200 regnversdagar i året, men veit vi at det regnar over 1 meter meir i året i enkelte bystrøk enn i andre? På grunnlag av nedbørsmålingar er det konstatert at den gjennomsnittlege nedbøren pr. år er 2 meter (rekna gjennomsnitt over ein 30-års -periode). Dette er målingar i dei sentrale bydelane. Det har også vore gjort målingar andre stadar i byområdet og desse viser at det kan vere store forskjellar på gjennomsnittleg årsnedbør på dei ulike stadane. Ytterst i vest ved Alvøen er normalnedbøren omkring 1,75m pr år, medan det i Isdalen-Tarlebø-området er opp mot 2,8 m. Også frå sør til nord varierar nedbøren noko, men ikkje så mykje. Den største nedbøren har vi i sør- og vestskråningar av dei høgaste fjellpartia.

Kart og teikningar er eit omfattande materiale i dei tekniske arkiva. Karta og teikningane er komme til med tanke på at ein skal ha ein oversikt over dei nedgravde røra og installasjonane over jorda. Mange av karta finst det ein del kopiar av. Det eldste kartet vi har over vassleidningsnettet i arkivet er frå 1879, men det finst eit kart som ligg som vedlegg til kommuneforhandlingane frå 1868. Dette kartet er ein arbeidsteikning ved prosjektering av vassverket. Vi ser av kartet at vassrøra i hovudsak strekkjer seg ut på begge sider av Vågen, bort på Engen og til Nygård. Vatnet vart ført i rør til Stadsporten. Derifrå til Domkyrkja, over Lille Øvregate til Veterlidsalmenningen, til Smedesmuget opp til Stølen og derfra til Skutviken. Seinare kom det også rør til Torget, Veiten, Engen og Vaskerelven.

Det finst også ein del foto i arkivet. Desse er ikkje ordna eller registrerte.

Gassverket

I 1853 vedtok bystyret i Bergen å bygge gassverk på vestsida av Lunge-gårdvannet, i Kaigata der jernbanestasjonen ligg idag. Tomta som på det tidspunktet låg utanfor byen, vart vald på gunn av fare for eksplosjonar.(7 ) Gassverket vart i første rekkje etablert for å skaffe byen betre lys. Ein ville bytte ut tranlampene med gasslamper. Av økonomiske og praktiske grunnar var det om å gjere at desse arbeida med vassverk og gassverk vart utført på same tid. Etablering av gassverk i Bergen må sjåast i samanheng med at byen var inne i ein periode med økonomisk vekst. På det tidspunktet då gassverket vart oppretta var sentrum av byen berre delvis bygd opp igjen etter brannen i 1855. Krig, brann og depresjon var bakgrunnen, men tendensen i 1850-åra var likevel optimistisk. Dei kommunale styresmaktene hadde gått bort frå prinsippet om minst muleg offentleg forbruk og initiativ. No skulle kommunale og statlege styresmakter engasjere seg på stadig fleire felt i samfunnslivet t.d. legge forholda til rette for eit gassverk. (8 )

Gassverket i Kaigaten

Gass var ei forholdsvis billig lyskjelde. James Small hadde bygd gassverk i Kriatiania i 1848. Same året gav han ut ei brosjyre om gassverk (trykt i Bergensposten). I 1798 hadde det lukkast for skotten Murdock å framstille gass. I brosjyra heiter det at før det hadde gått 50 år kom alle byar i Storbritannia og mange byar i Europa til å ha gassverk. “Det synes besynderlig at noget sted nu til dags kan fortjene navn av by som ikke besidder et gassverk”. I desember 1849 kom Small til Bergen og bygde eit Gassverk i miniatyr på Løveapoteket.(9 )

Bergen kommune gjekk inn ein avtale i 1856 med ing. Pihl om privat konsesjonsdrift i 30 år. Pihl overdrog same året avtalen til eit privat aksjeselskap som fekk namnet Bergens Gaskompagnie. Det private selskapet skulle bygge og eige sjølve gassverket, men kommunen skulle legge ned gassrøra i gatene og seinare få utgiftene refunderte.

Gassproduksjonen gjekk føre seg på den måten at ein brente kol i 6 forbrenningsomnar, kvar med 3 kammer eller retortar. Her vart kol forgassa og konvertert til bygass. Denne gassen gjekk så gjennom ein reinsingsprosess. Den vart leia inn i reinsehuset og tjære og amoniakkvatn vart skilt ut. Gassen vart lagra i store tankar. Amoniakkvatnet vart fram til ca 1870 slept rett ut i Lille Lungegårdvann. Sunnhetskommisjonen protesterte mot dette p.g.a. den sjenerande lukta. Løysinga vart då å bygge eit lite fabrikkanlegg på gassverkstomta for framstilling av svovelsur amoniakk. Amoniakken vart selt til hermetikkindustrien. Koks, som også var eit biprodukt vart selt til oppvarming av hus.(10 )

Arbeidstyrken dei første åra var 4 mann med to ekstra fyrbøtarar om vinteren.

Røra vart frå starten av lagt i hovudgatene i sentrum på begge sider av Vågen på same måte son vassleidninga. Det første driftsåret vart hovudleidningsnettet utvida med 3120 fot. Utbygginga gjekk kontinuerleg så lenge gassverket låg i Kaigaten. Gassverket sine årsmeldingar gjev eit godt bilete av utbygginga.

Kommunen overtok gassverket i 1886. Bakgrunnen for dette var i stor grad at gassverket gjekk så godt økonomisk. I kommuneforhandlingane går det fram at det vart reist tvil om kommunen skulle overta gassverket. Det store spørsmålet var om gassverket i framtida ville gje så stor avkastning ettersom elektrisiteteten var blitt aktuell som energikjelde. Ein valde likevel å satse på gassverket. Elektisitet frå eit dampkraftverk fekk ein først ved århundreskiftet i Bergen . Vasskraftverk fekk ein ikkje før i 1912. Det vart då vanleg at ein brukt elektrisk lys, men til koking og oppvarming brukte ein gass.

Kapasiteten på det gamle gassverket var etter kvart ikkje stor nok og i 1908 stod eit nytt gassverk i Jekteviken ferdig. Bruken av gass til koking var aukande. Gassverket utførte gratis installasjon av kokegassleidningar til nye kundar. Frå slutten av 1908 til slutten av 1. verdskrig var gassalet og produksjonen jamt aukande. Gassverket var ei god inntektskjelde for kommunen fram til 1921. Da var ein inne i ein internasjonal etterkrigskrise. Det var prisfall og avsetningsvanskar som gjorde seg gjeldande på bedriftsnivå.

Krigsutbrotet i 1939 var innleinga til ein vanskeleg periode i Gassverket sin historie. Det var vanskeleg å skaffe kol, og gassverket hadde fått skader under krigen.

Overskotet var moderat. Råstoffleveransen svikta og koks vart mindre brukt til oppvarming. I 1963 vedtok ein å slutte med å framstille gass av kol og i staden basere produksjonen på tungolje, seinare lettbensin. Dette førte til at råstoffprisen vart urimeleg høg og i 1980 vart det vedtatt å legge ned gassproduksjonen i løpet av ein femårsperiode. Den siste gasslykta i Nygårdsparken vart slukt i 1984 og alle leveranse stoppa i april 1985.

Arkiv

Frå den tidlegaste perioden av gassverkt si historie, det som blir kalla konsesjonstida frå 1856-1886, finst det lite arkivmateriale. Når det gjeld årsmeldingar finst det dei i arkivet for 1857-1866-. Årsmeldingane for 1867-1886 mangla i arkivet, men på Ub fann ein desse for perioden 1871-1876. Kopi er vedlagt arkivet. Etter at Gassverket vart kommunal verksemd i 1886, vart årsmeldingane trykt i kommuneforhandlingane.

Når det gjeld den tidlegaste perioden er forhandlingsprotokollane for Gassverksdireksjonen bevart. I arkivet finn ein og “Statutter for Bergens Gaskompagnie” og kontrakten mellom gasskompaniet og Bergen kommune ved oppstarten.

Mesteparten av arkivmaterialet er frå det nye gassverket i Jekteviken, d.v.s. etter 1908. Unnatak som kan nemnast er lønningsprotokollar 1889-1904 og hovudbok 1887,1907.

Ein deler gjerne drifta på gassverket inn i indre og ytre drift. Når det gjeld indre drift vil eg vise eit døme frå arkivmaterialet som heiter Verksmeisterjournal. Dette er protokollar som verksmeisteren på gassverket førte over produksjonen av gass, ikkje berre ein gong pr. dag, men til faste tidspunkt gjennom heile døgnet. Vi ser at produksjonen gjekk kontinuerleg gjennom heile døgnet, helg som kvardag. Desse målingane finn ein i arkivet frå 1887 og framover. Dei gjev eit godt bilete av produksjonen ved bedrifta. Dei viser også forbruk av råstoff pr. dag. Materialet i arkiva gje eit godt grunnlag til å utarbeide statistikkar. Gassverket har sjølv gjort det ved fleire høve.

Det finst også i arkivet ein god del bilete som viser produksjonen, byggeverksemd og diverse bygningar og gasstankane. Ein del reklamematriell og filmopptak kan ein også finne.

Ytre drift, er den verksemda som rettar seg utetter til abonnentane, leidningsnettet og gatelysa. I arkivet kan ein finne opplysningar om gasslyktene. Det finst eit kart som viser plassering av gasslyktene i byen. Kartet er udatert, men må skrive seg frå perioden før 1908 då det gamle gassverket i Kaigata er innteikna. Kartet ligg under signatur Ub.26. Det finst også diveres oversikter, ml.a. register over gasslykter og deira plassering i byen.

Under serien som heiter Ke kan vi finne teikningar av indre røropplegg og apparat i det enkelte huset i byen. Dette er eit supplement til dei opplysningane vi får i rørleggeranmeldelsene.

Dersom ein ønsker opplysningar om abonnetane, finn ein dette lettast under signatur J. Der finn ein “beleggslister” for perioden 1904-1940. Desse protokollane er ordna etter årstal og her kan ein finne namn, adresser, og type av gassapparat som abonnenten får innlagt. Dersom ein er interessert i opplysningar om når gassmålarane vart sett inn og tatt ut av husstanden, kan ein gå til målarkort/adressekort under signatur Ia. Desse korta er ordna alfabetisk etter gatenamn (1904-1940). Når det gjeld forbruk av gass hos den enkelte abonnenten, finst det kort i arkivet med slike opplysningar for perioden 1963-1973.

Gassverket var ei av dei største kommunale verksemdene i byen med ca 200 tilsette på det meste. Om vinteren då produksjonen var størst, vart det gjerne leidd inn ekstra mannskap. Det finst fleire kartotek over tilsette på gassverket tilbake til 1910 og lønningsprotokollar som går tilbake til 1889 (Pb) I dei eldste årsmeldingane kan ein og finne namnelister over faste tilsette. I 1886 fell desse namnelistene bort frå årsmeldingane.

Eit spørsmål som har vorte stilt vedkommande verksemda på gassverke er om grunnen under gassverket vart forureina av produksjonen av gass. Det var etter nedlegginga av gassverket reist tvil om det kunne vere forbunde med helserisiko å bygge på tomta. Dessverre kan ikkje arkivet gje noko klart svar på dette.

Der er eigen serie med materiale vedkommande nedlegginga av gassverket.

Oppsummering

I desse arkiva finst det mange intressante statistikkar og data til å utarbeide statistikkar av. Desse tala kan fortelje oss om dei levekåra ein har hatt i Bergen frå midten av 1800-talet og opp til vår tid. Dei tekniske nyvinningane fekk store konsekvensar for folk sin kvardag.
Betre tilgang på vatn førte til lettare forhold i hushaldninga. Ein trong ikkje lengre bere vatnet inn i bøtter, men berre skru på kranen. Det er rimeleg å tru at dette førte til betre hygiene og dermed betre helse. Gassen vart gjerne nytta til lys og til koking. Dette betra også forholda i hushaldninga og letta arbeidet der. Tranlampene ute i gatene vart bytta ut med gasslamper som gav betre lys . Gatene vart då tryggare å ferdast på.

Ein del av dei opplysningane vi får i desse arkiva kan ein finne i andre kjelder, t.d. meterologiske data. Men sjølve prosessen med den gradvise utbygginga og dokumentering av forholda i det enkelte hus, kan vi ikkje finne andre stadar. I denne samanheng gjev dei mange kart og teikningar viktige tilleggsopplysningar når det gjeld utviklinga i byen. Når det gjeld drifta av gassverket er arkivet ei unik kjelde som gjev detaljerte opplysningar om drift, utbygging, oppgangs- og nedgangstider. Gassverket var ein av dei største kommunale verksemdene i byen, og arkivet kan gje oss opplysningar om dei mange tilsette.

Til gassverkskatalogen er det utarbeidd administrasjonshistorie. Dessverre er ikkje katalogen trykt eller innbunden, men eg håper Byarkivet vil rette på det. Til katalogen over arkiva etter vatn- og kloakkvesenet er det ikkje utarbeidd administrasjonshistorie p.g.a. knappe midlar og tidsnaud. Ein måtte velje mellom å gjere ferdig ordningsarbeidet eller skrive administrasjonshistorie. Ordningsarbeidet vart då prioritert.

Av Synøve Bringslid, arkivar ved Statsarkivet i Bergen

Notar

1. Amund Helland: Norges land og folk. XII, bd.2 s. 17-19
2. Sagen og Foss: Bergens Beskrivelser 1824 s. 583-584
3. B. Lorentzen: Bergens vannverk 1855-1955 s. 12
4. Ibid s. 15
5. Ibid s. 19
6. Ibid s. 22
7. Bergen kommuneforhandlinger 1853 s. 51-63
8. B. Lorentzen: Den berømmelige handelsstad Bergen gjennom tidene, 1814-
1916 s. 194
9. B. Lorentzen: 75-års jubileumsberetning. Utr. ms. i Gassverkets arkiv. (Eø:14.)
10.Innberetning til generalforsamling. Gassverket. 1857 s.1 (Åd:1)