Når vi tek til å samla inn personopplysningar frå distrikta rundt byane på 1800-talet - frå ulike utrykte kjeldetyper - møter vi ganske fort tre grupper menneske som ikkje kjem til syne i trykte bygdebøker, jubileumsskrift og lokalhistoriske skrifter. Desse er pleieborn, åndsvake og sinnslidande personar som blei sett ut til gardbrukarar mot betaling. Denne artikkelen tek for seg den første gruppa - pleieborna. Rigmor Frimannslund Holmen er ein av dei få her i Noreg som har skrive noko om fosterborn (Frimannslund Holmsen 1977) og dette vert eit tillegg frå Bergen og omlandet.

Det er eit par typer utrykte kjelder der desse borna kjem tydeleg fram. I folketellingsmaterialet (1865, 1875 1900, osb) frå visse distrikt nær Bergen er det slåande kor mange pleieborn som er nemnte. I enkelte strok i Nordhordland fanst det pleieborn mest på kvar gard over ei lengre periode. Ikkje alle, men svært mange var frå Bergen. Ser vi i kyrkjebøkene frå dei same stroka, finn vi ei mengd born fødde i Bergen, men konfirmerte på bygdene. Ikkje alle er pleieborn, men det viser seg at mange var det.

Vi treng ikkje vera så svært nyfikne for å undrast over kvifor det var så mange pleieborn kring Bergen. Desse borna må ha vore eit viktig innslag i kvardagslivet på småbruka, men dei trykte kjelde er tause. Dette er forunderleg når vi veit kor mykje lokalhistorie som finnst på Vestlandet. Men på den andre sida skulle vi vel ikkje vera så overraska - det er familien og slekta som er kjerna i dei fleste lokalhistoriske skrifter. Slektsgranskarane har ikkje interessert seg for dei som ikkje høyrde garden til.

At born har vore sett ut på bygdene er sjølvsagt ikkje ukjent, og spør vi om dette spesielt, får vi høyra mange fortellingar. Eldre folk hugsar framleis at foreldra eller andre slektningar tok imot fattige eller "slemme" born frå byen, og det er ulike syn på korleis det gjekk. Nokre fortel om korleis gardsfolket fekk skikk på dei umoglege ungane frå byen, medan andre fortel om kor vondt desse byungane hadde det på gardane.

Kjeldene set grenser for kor nøye vi kan undersøkje dette emnet. I Bergen manglar førebels dei sentrale arkiva som ville vera den beste kjelda til den eldre delen av denne soga. Men likevel finnst det spreidde utrykte kjelder som gje oss høve til å sjå nærare på denne verksemda mellom Bergen og distrikta.

Her skal eg konsentrera meg om arbeidet til ein privat, filantropisk forening i Bergen som frå byrjinga av 1840-talet av freista ta seg av forsømte born. Denne foreninga eksisterte heilt til 1932, då den vart avløyst av "Hjelpefondet for vanskelig stillet ungdom". Av plassomsyn held vi oss til 1800-talet, og byrjar ca 1840.

Born i Bergen 1840

Almueborn, det vil seie born som ikkje høyrde borgerklassen til, hadde det ikkje lett. Bergen må ha vore ein spennande og livleg by å veksa opp i, og minnelitteraturen fortel mykje om leik og moro( for borna). Men byen hadde sine skuggesider. Bustadtilhøva var svært dårlege mange stader, og særleg hjå dei fattige (Harris 1991). Skal vi tru avisene og utsegnene frå alle foreningane som voks fram hjå borgarskapet, levde dei lågare klassene eit liv med drukkenskap, fordervelse, seksualovergrep og kriminalitet. Talet på fattige var veksande og mange av desse borna trong meir omsorg og opplæring enn dei fekk. Vi veit lite om barnearbeid, men vi veit at det fannst. Reipslagararane til dømes, trong born til å snu spinnehjulet, og det blei ofte gjeve dispensasjon frå skulen slik at borna kunne arbeida hjå reipslagaren.

Ein del har vorte skrive om åra rundt 1840 fordi både fattigspørsmålet og skulesituasjonen blei drøfta offentleg, og resulterte i mellom anna at opprettinga av Bergen Barneasyl i 1840 og den nye fattiglova i 1845. Det var sjølvsagt ikkje alle almueborn som var fattige, men det var 1354 fattige born i skulepliktig alder. Av desse gjekk berre 403 på ein av dei fire fattigskulane. Nesten 3/4 av borna var utan skulegang. Kva gjorde dei så når dei ikkje gjekk på skulen? Mange gjekk i gatene dagen lang. Ein artikkel i Bergens Stiftstidende klagar over dette:

... Gadedrengenes Uforskammethed og Frækhed gaaer overmaade vidt, og det vækker ikke gode Tanker om den Orden, som burde herske i en Bye, naar enhver Reisende bliver overhængt af Betlere, naar han seer Børn og halvvoxne Mennesker af begge Kjøn til enhver Tid paa Dagen at streife om uden nogensomhelst sysselsættelse, uden hvad for Øieblikket kan føre med sig....  (Bergens Stiftstidende 1840, nr. 12)

Bergensborgarane såg lediggong som eit trugsmål mot moralsk oppseding og meinte dessutan at heile samfunnet ville tapa økonomisk på at born og unge mangla dei mest elementære kunnskapane. Assosiasjonsånda frå 1840-åra viste seg mellom anna i ei utbreidd interesse for å koma saman og endra dagens situasjon. Det var ikkje berre selskapelege og kulturelle foreningar som blei grunnlagt i 1840-åra, men også humanitære, religiøse og misjonerande. Borna var nå nokre av dei som skulle reddast frå undergangen.

Redningsarbeidet starta

Mellom dei ivrigaste i redningsarbeidet mellom fattige og born var bisp og prestar, og ikkje minst den arbeidsame rektoren ved Katedralskolen, Hans Holmboe . Det var Holmboe som leia arbeidet med skipinga av Bergens Barneasyl , og han fekk støtte av bisp Neumann. Begge var svært opptekne av å få born og unge vekk frå gatene og inn i undervisninga. Dei ønskte styring med barneoppsedinga. Holmboe foreslo barneasyl i 1840, og debattane som følgde var omfattande.

Bergen Barneasyl blei opna 1. november 1841 (Halkild Nilsen 1948, Mollatveit 1979). Asylet skulle ta i mot born til foreldre som var i arbeid, og anten let borna vera aleine eller overlet dei til eldre søskens omsorg. Då bisp Neuman vitja Asylet i 1842, var det 102 born i bygningen.

Barneasylet var vellukka og gav meirsmak, og både prestane og Holmboe arbeidde vidare med eit nærskyld tiltak som ikkje var knytta til institusjonen. I desember 1841 diskuterte prestane i Bergen om dei skulle grunnleggja ei forening etter dansk mønster, for å "redda" forsømte born. Foreninga skulle syta for at forsømte born fekk skulegang, arbeid og omsorg i familiar, anten i byane (København, Trondheim, eller Bergen) eller på landet. Dette var eit alternativ til institusjonaliseringa som elles var utbredd i Europa og USA på denne tida. Men det blei også bygd anstaltar for vanskelege born. Den mest kjente redningsanstalten i Noreg vart grunnlagt på Grønland, Kristiania i 1841 og er frå 1847 mest kjent under namnet Toftes Gave (Thuen 1987, 1992). Det skulle gå førti år før Bergensdistriktet fekk noko tilsvarande med etableringa av Ulvsnesøy skole i 1881.

Eit alternativ til plassering i institusjon var utplassering hjå utvalde familiar i privat pleie. Det har vore sagt at dette var mindre ønskjeleg:

... Vanartede og forsømte og forlatte barn ble reddet inn i anstalter, bort fra bylivets farer og slette foreldres påvirkning. Bortplassering i privat pleie og bruk av fosterhjem ble i alminnelighet sett på som en mindre god, skjønt billigere løsning, foretrukket bare i tillegg til institusjonaliseringen...  (Dahl 1992,s.25)

Spørsmålet er på kva måte utplasseringane var mindre gode, og kvifor? Eit enkelt svar er at ein aldri kunne vera trygg for at born som blei sett ut til private ville få den disiplinen som var ønskjeleg for eit slik "forsømt" barn. Det var ikkje sikkert familien kunne ha same kontrollen som ein anstalt hadde. Som Dahl skreiv var privatpleie billegare enn oppbevaring i institusjon, fordi institusjonane skulle byggjast og det kosta pengar.

Opphald hjå familiar hadde andre fordelar sett med filantropane og prestane sine augo. I tida etter 1840 dyrka desse familieidealet. Om det var noko dei stakkars borna trong, var det å oppleva varme og kjærleik i ein god kristen familie. Dersom familien ikkje greide halde disiplin og det blei gjort lovbrot eller brot på god åtferd, skulle borna tuktast med innesperring. Fekk borna problemar med å tilpassa seg, var dei sterkt religiøse mellom dei som ivra mest for tukt, men i utgangspunktet skulle borna reddast.

...Tiltak for barn ble snart noe av et samlende felt for veldedigheten under samfunnsomveltningene i første halvdel av 1800-tallet. Barn var uskyldige både i sin ulykke og sine laster, de var derfor de mest verdige av alle verdige trengende. Barns lidelser kalte også fram de edleste følelser og dyder: barmhjertigheten og viljen til å ofre for andre. Både det medmenneskelige og det guddommelige kall gjorde seg særlig sterkt gjeldende når det gjaldt barna som uskyldige ofre for samfunnsutviklingens skyggesider.

Barn var også løfterike. De var uferdige. De kunne påvirkes og læres opp, reddes både for samfunnet og for Vår Herre...  (Dahl 1992).

Bergen Barneasyl kunne hjelpa fattige born under skulepliktig alder, men nå måtte det gjerast noko for dei eldre borna som blei definerte som forsømte. Alle gode krefter, med Holmboe og Neumann i spissen, i allefall i startfasa, starta det som seinare blei kjent som "Redningsforeningen ".

"Selskabet til moralsk fordærvede og unge Menneskers Redning"

Presteskapet i Bergen drøfta problemborna på eit møte 12. desember 1841. Det skulle samlast inn pengar til "sædeligt forvildede Børns og Unge Mennskers Frelse". Bisp Neumann prøvde å kopla dette arbeidet saman med hjelp til lauslatte forbrytarar, men førebels fekk han lite støtte. På dette første møtet vart det samla inn 30 spd. blant prestane.

Den 22. desember blei det trykt ei offentleg innbeding til skiping av Redningsforeninga, og kontingenten vart sett til 1 spd. Ein komite blei sett ned for å utarbeida ei innstilling og framlegg til vedtekter, og her sat mellom anna prestane A.W.Greve og Hesleb Birkeland  - begge skulle seinare verte svært aktive i ei rekkje humanitære organisajonar. Dei andre medlemmene var Rådstuskriver Edvard Solberg, Politimester Fietzentz og Justissekretær Bernt Anker .

Rådstuskrivar Solberg var sekretær for komiteen og han fekk i oppdrag å samla inn opplysningar om liknande tiltak andre stader, først og fremst i Noreg. I eitt av dei få breva som er bevart frå foreninga, fortel Solberg om ei liknande forening i Trondheim. "De Nødlidendes Venner", stifta 8. november 1827, hadde mellom 100-200 medlemmer og ein direksjon på 12, av desse var 6 kvinner. Opphavleg skulle denne foreninga hjelpe dei som trong til det, dels ved pengegaver, dels ved å skaffa dei arbeid og syta for at borna fekk skulegang. Ein gjekk snart bort frå å dela ut pengegaver og foreningas midlar blei brukt på følgjande måte: Omlag halvparten gjekk til klede for 60-80 fattige born slik at dei kunne koma seg på skulen, og ein fjerdedel vart brukt til å lindra brå naud, anten ved lån eller pengegaver. Den siste fjerdedelen gjekk til "Bestridelse af Omkostningerne ved forvildede Børns og Unge Menneskers Redning". Tilsaman brukte "De Nødlidendes Venner" over 300 spd. årleg, men berre 60-70 spd. gjekk til sjølve redningsarbeidet, skriv Solberg.

Måten borna kom inn under foreningas vengjer på, danna mønster for Bergensforeninga. Når politiet såg born og unge "i daglig Lediggang", forsømt av foreldre og drivande gatelangs, eller dei blei tekne inn til forhøyr hjå politiet, blei direksjonen i foreninga øyeblikkeleg varsla. Ein av medlemmene i direksjonen fekk så plassert det forsømte barnet hjå "en Brav Mand paa Landet".

Det blei lagt ut litt over 5 spd. pr barn. Solberg sa at det var ingen øvre eller nedre alderasgrense, men dei fleste var i "Opdragelsen Alder - almindeligst 14, 15, 16 Aar". Det blei sagt at Trondheimforeninga var heldig med dei unge, og ofte fekk dei gode tilbakemeldingar. Av og til ved marknadstider, kom ungdomane til byen og møtte opp hjå direksjonen ".. sunde og glade over deres nye Stilling og takknemlig for deres Redning".

Det er ikkje tvil om at Trondheimsforeninga inspirerte komiteen i Bergen, sjølv om dei ikkje følgde deira eksempel på alle punkt. Solberg henta og opplysningar frå hovudstaden, der redningsanstalten på Grønland nyleg var oppretta.

Selskapet vert stifta

Den første generalforsamlinga for Redningsselskapet blei halde 26. september 1842 og ein direksjon på fem - menn - blei vald. I tillegg til desse sat fengelspresten og politimesteren som faste styremedlemmer. Før direksjonen blei vald måtte forsamlinga drøfta den instillinga som var utarbeidd av den første komiteen. Det var usemje om foreninga også skulle ta seg av frigjevne forbrytarar, men alle var samde om at desse stakkars menneska i høgste grad trong støtte for ikkje å koma i ulukke på nytt.

Men det var forsømte born og unge forvilla menneske som primært skulle reddast ved å plassera dei ut mellom almuefamiliar. På denne måten ville ein "see mangt forvildet Barn reddet, idet man ved en Omsorg af dette Slags unddrager det fra Fristelser, og bringer det i Forholde, hvor det faae Anførsel til nyttig Virksomhed og daglig har velgjørende Exempel for sig..."

Både gutar og jenter skulle utplasserast og komiteen hadde tydelegvis større forventningar til jentene. Direksjonen si tru på jentene hang ikkje saman med at desse - som mødrene deira - var meir bundne til arbeid i heimen og omsorgsoppgaver, og derfor hadde mindre tid til lediggang. Det var gemyttet deira som var nøkkelen:

...Det blødere qvindelige Gemyt tør lade forudsætte at det ikke vil være saa vanskeligt at føre et forvildet Pigebarn tilbage til en renere Tænkemaade og Vandel, naar man har fjernet de Fristelser, som udsætte for saa mangfoldige Farer... Det turde derhos være forbundet med mindre Bekostninger at see nogle Pigebørn saaledes heldigen anbragte hos en samvittighedsfuld Husmoder eller flere saadanne, end opfostrede i et eget Redningshus...  (Betækning og Indstilling, Bergen 1842).

Frå første stund var det meininga at jenter frå Bergen skulle plasserast hjå familiar, helst på landet, men også i byen. Dette var ønskjeleg av fleire grunnar. Gardskonene skulle påverka jentene, og det var billegare enn å byggja anstaltar for både gutar og jenter, særleg når ein måtte byggja slik at gutar og jenter var isolerte frå kvarandre. Direksjonen såg ingen problem med at jentene som vart sett ut på gardane kunne koma til å dela rom med, ja til og med seng, med søner og døtre på garden. Ein stolte på pleieforeldra når det galdt tilsyn med den sedelege framferda. Det blei andre tonar å høyra frå Redningsforeninga etter at Eilert Sundt publiserte avhandlinga si om sedeligheiltstilhøve, men dette låg langt fram i tid.

For gutane måtte det sterkare lut til. Det vert sagt at fordervelsen hadde gripe så veldig om seg at den var rotfesta i hjartet. Gutane trong den "...meest ufravendte Opmærksomhed og omhyggeligste Iagtagelse". Med andre ord nøye overvaking og kontroll. Dette var det best å gjera i ein anstalt, og Redningsforeninga vona på å byggja ein slik.

Foreninga som i ettertid vart kjent som Redningsforeninga eller "Forening til forsømte og forvildede Børns Redning ", heitte opphavleg "Foreningen i Bergen til forvildede Børns og unge Menneskers Frelse samt til menneskekjærlig Omsorg for de fra Straffe-Anstalternes løsladte Forbrydere". Statuttane hadde 20 punkt delt inn i tre avsnitt - om dei unge, om dei tidlegare straffa og foreningas organisering. Borna skulle vera mellom 9-18 år og anten ha vore straffa eller kome i moralsk fare.

Foreningas inntekter var medlemskontingent, eingangsgaver, tilskott frå fattigstellet, anna kommunal støtte og bidrag frå foreldra om det var råd. Inntektssida såg ut til å vera i orden. Utgiftene var jentenes pleieforeldre, oppsynspersonar i gutanes redningsanstaltar, husleige, mat og klær til borna, undervisning og andre driftskostander, som inventar og vedlikehald.

Kven var medlem i Redningsforeningen?

I avhandlinga si om foreningslivet i Bergen 1814-1850 skriv John Herstad at Redningsforeningen var dominert av embetsmenn og kjøpmenn, med eit innslag av middelstanden (Herstad 1965). Av 170 medlemmer i Redningsforeningen var 44 embetsmenn. I tillegg til desse finn vi kjente slektsnamn frå Bergensborgarskapet: Blaauw, Friele, Gran, Grieg, Irgens, Janson, Krohn, Kroepelin, Meyer, Mohn, Mohr, Mowinckel, Paasche, Rosendahl, Wallace, Vedeler, Wesenberg og Wiese. Det var desse borgarane, saman med embetsmenn og skulefolk som skulle redda dei forsømte borna for samfunnet og Vår Herre.

Medlemstalet var høgt det første året - 170 - men alt i dei følgjande åra tok det til å gå ned. I 1844-45 var det 155 medlemmer, men 39 av desse hadde ikkje betalt kontingenten. Medlemstalet sokk. I 1865 var det 56, i 1870 44 og på 1880-talet stabiliserte det seg mellom 33 og 38. Som vi skal sjå auka likevel aktiviteten, og det var enkelte som sat i styret i fleire tiår, og deira entusiasme såg ikkje ut til å ta slutt.

I avhandlinga si om foreningslivet i Bergen 1814-1850 skriv John Herstad at Redningsforeningen var dominert av embetsmenn og kjøpmenn, med eit innslag av middelstanden (Herstad 1965). Av 170 medlemmer i Redningsforeningen var 44 embetsmenn. I tillegg til desse finn vi kjente slektsnamn frå Bergensborgarskapet: Blaauw, Friele, Gran, Grieg, Irgens, Janson, Krohn, Kroepelin, Meyer, Mohn, Mohr, Mowinckel, Paasche, Rosendahl, Wallace, Vedeler, Wesenberg og Wiese. Det var desse borgarane, saman med embetsmenn og skulefolk som skulle redda dei forsømte borna for samfunnet og Vår Herre.

Medlemstalet var høgt det første året - 170 - men alt i dei følgjande åra tok det til å gå ned. I 1844-45 var det 155 medlemmer, men 39 av desse hadde ikkje betalt kontingenten. Medlemstalet sokk. I 1865 var det 56, i 1870 44 og på 1880-talet stabiliserte det seg mellom 33 og 38. Som vi skal sjå auka likevel aktiviteten, og det var enkelte som sat i styret i fleire tiår, og deira entusiasme såg ikkje ut til å ta slutt.

Kven skulle reddast?

Kven var dei "forsømte og forvildede barn" som skulle reddast? Det blei aldri gjeve noka klar definisjon av kva som var meint med dei "forsømte", "forvildede" eller "moralsk fordærvede", men det var ikkje tvil om kven direksjonen skulle redda. Det er bevart nokre få handskrivne lister frå dei første seks åra over dei borna og tidlegare fangar som direksjonen var merksame på. Mellom desse var born som hadde vore straffa eller innkalla til politiet, mistenkt for lovbrot. Det var born som dreiv gatelangs og ikkje gjekk på skulen. Dei hadde mellom anna ikkje pengar til klede. Enkelte born hadde ikkje foreldre i live, og mangla av den grunn omsorg. Det var born med "problematiske" foreldre, den eine eller begge drakk, eller hadde låg moral. Til slutt var det ein god del som var kome i faresonen, og direksjonen kalla desse inn til forhøyr, eller undersøkjing som dei kalla det. Eit godt døme på type melding frå dei geistlige er eit brev frå kapellanen i Korskirken i Bergen til Stiftsprostiet, datert 31.8.1843. Her står det m.a.

...En Dreng her af Korskirkens Menighed, ved Navn Johannes Stephensen, født 27 de. Januar 1822, og for Tiden i Lære hos Bødkermester Berle, er endnu ikke, uagtet gjentagne Foranstaltninger fra min Side, confirmert i sin Daabspagt. Allerede for nogle Aar siden har jeg formanet hans meget forsømmelige Moder til at lade ham søge skole, den jeg har tilbudt hende at skaffe uden betaling; jeg har anmeldt ham for den Commission der har antaget sig moralske fordærvede Børn: med eet Ord: jeg har gjort hvad der har staaet i min Magt for at faae ham oplyst og confirmeret, - men Alt forgjæves...

Når det galdt dei tidlegare fangane var det ikkje lett å sjå kven som blei plukka ut mellom dei mange som slapp ut frå straffeanstaltane. Truleg var det helst fangar som var tilrådd av presten for Tugthuset og Slaveriet fordi dei hadde skikka seg bra medan dei var innsette. Det er bevart eit par brev frå fengselspresten som sat i styret, der han tilrår innsette. Presten var ingen ringane enn Peter Hersleb Graah Birkeland, seinare bisp i Bergen og ein varm støttespelar for dei humanitære laga. Han ser ut til å ha vore mellom dei mest aktive i Redningsforeningen.

I dei første åra i Redningsforeningens historie blei namna på dei utplasserte borna trykte i avisene, seinare vart dei anonymiserte. I tillegg finnst nokre kladdar til lister over born som ikkje gjekk på skule, eller som direksjonsmedlemmene vurderte som omsorgsobjekt. Når ein ser på alle namna under eitt og sjekkar så godt det let seg gjera, ser vi at ungane ofte kom frå tre strok av byen; Fjellsiden, Nøstet og Nordnes. Nokre kom frå Skuteviken, men dei fleste på Fjellsiden kom frå Stølen-Blekevei og smuga sør frå svingane opp til Skansen. Stroket rundt Nøstet var godt representert, men dette stroket blei sett på som det simplaste i byen, og det var her dei fleste vertshus, bordell og dei dårlegaste husvere låg. Dei andre borna kom frå ytst på Nordnes og smuga rundt Vaskerelven og Veiten.

Etter den første årsmeldinga var det 14 born som foreninga kalla trengjande, men på kladdelistene finn vi over 70 namn på born og lauslatne forbrytarar. Dei aller fleste var gutar mellom 9 og 18 år, men nokre var eldre og yngre.

Mellom dei borna som ikkje gjekk på skule fordi foreldra ikkje hadde råd, finn vi ofte søsken. Foreninga freista plassere desse saman. Vi ser og at born frå ulike familiar kunne bu i same hus, og det må ha vore litt tilfeldig kven direksjonen fanga opp i garnet sitt.

Dei fleste av dei forsømte hadde kome i kontakt med loven. På nokre av listene er det rubrikk for merknader; her står ofte "tyvagtig" og "drikkfældig". Når vi undersøkjer foreldra sin situasjon, finn vi ofte at berre ein av dei levde, eller at berre ein hadde omsorgsansvaret. I tillegg får foreldra dårlege skussmål som tjuv, drankar eller tyrann. 1840-50 åras born og ungdomskriminelle hadde ofte vanskeleg foreldrebakgrunn og var overletne til seg sjølve, medan foreldra strevde med sine eigne problem. Mønsteret er velkjent og ikkje overraskande.

Det har ikkje vore råd å undersøkja bakgrunnen til alle borna, og derfor heller ikkje mogleg å gje nokon statistikk, men tendensane er klåre. I eit brev til presten i Hosanger 22. februar 1843 skriv direksjonen:

...Erfaring har viist at det ofte er Mangel paa kjærlig Omgjængelse, og fuldkommen Ligegyldighed fra Foreldrenes Side, der har bragt Barnene ud paa en saa sørgelig Bane...

Kven redda borna?

Vi har sett kven som var medlem i Redningsforeningen, men sjølv om det var desse som betalte for å redda dei forsømte, var det pleieforeldre som skulle arbeide i det daglege med borna.

Born frå Bergen hadde vorte sett på på landet frå iallefall frå slutten av 1700-talet, men det har aldri vore forsøkt funne ut kvifor nokre familiar tok imot desse ungane. Trass i den filantropiske og religiøse ånda var annleis frå 1840-åras, er det mogleg at nokre trekk ved utplasseringa var felles.

Direksjonens framgangsmåte for å finna pleieforeldre var enkel. Etter mønster frå Trondheim var byens handverksmeistrar bedne om å ta gutar i lære. Ei liste frå 1842-1843 viser at 17 meistrar teikna seg, pluss eit garveri. Dei fleste som ville ta læregutar med vanskeleg bakgrunn, kom frå fag som var mellom dei dårlegast betalte i Bergen. skomakarar (6) og skreddarar (4). Vi kan ikkje sjå kor mange handverkarar som tok imot born, men eksisterande rekneskap frå 1840-åra har berre ein handfull handverkarar over ei tiårsperiode. Borna må anten ha vist seg vera ustabile, eller foreningen har satsa meir på pleieforeldre på landet, der gutane kom lenger vekk frå omganmgsvener og freistingar i byen. Det er uråd å sjå om nokon tok svenneprøve medan foreningen hadde omsorg for dei.

Redningsforeningen meinte borna burde setjast ut i distrikta som var lette å nå frå Bergen. Kommunikasjonane den tid leider tankane mot øyane nord utanfor Bergen og Lindåshalvøya. Fleire distrikt her i Nord-og Midhordland hadde teke imot born frå Bergen tidlegare, og det var god von om å finna pleieforeldre. Vinteren 1842 skreiv direksjonen til fleire sokneprestar i distriktet og ba dei hjelpa til å finna "brave Almuefolk i sædelig bekjendte Menigheder" som var viljuge til å ta imot born mellom 9 og 18 år. Pleieforeldra var tilbode 15-20 species årleg, og borna vart sett ut med prøvetid på eit par år. I eit brev til sokneprest Heyerdal i Hosanger seiest det at det berre kjem på tale med "..saadanne Almue-Folk, der er (Deres Værdighed) fordeelagtig bekjedte, og om hvem der tør forudsættes at de med Alvor og Bestemthed ville tilholde de dem betroede Børn til et arbeidsomt Liv, og derhos virke fordeelagtigen paa deres Tænkemaade.."

Nokre prestar må ha vore avventande, og let vera å svara, eller bruka lang tid på det. Presten i Hamre skreiv til dømes i juli 1843 at ingen i prestegjeldet var interessert. Presten i Hosanger var unntaket, og Heyerdal tok opp kampsverdet mot dei "moralsk fordærvede og forsømte gutter". Med hjelp frå fleire av medlemmene i soknet, byrja redningsarbeidet for alvor i løpet av våren 1843. Direksjonen hadde håp om å få utplassert 2-3 gutar i kvart prestegjeld, men Heyerdal var ivrig og seks gutar flytta til nye heimar i Hosanger våren 1843.

Talet på utsette ungar auka i åra frametter, og frå 1844-45 blei også nokre få jenter utplasserte. Tabell 1 viser borna som Redningsforeningen hadde ansvaret for i tida 1842-1900.

Tabell 1: Born i Redningsforeningens ansvar 1842-1900

År

Gutar 

Jenter

Tilsaman

1842-43 6 0 6
1843-44 5 0 5
1844-45 9 2 11
1845-46 9 2 11
1846-47 11 2 13
1847-48 16 2 18
1848-49 12 2 14
1849-50 15 3 18
1852-53 20 7 27
1853-54 16 6 22
1855 18 8 26
1856 19 8 27
1857 15 8 23
1858 26 10 36
1860 27 10 37
1861 19 6 25
1862 18 7 25
1865 18 5 23
1866 20 6 26
1867 28 4 32
1868 30 5 35
1869 36 6 42
1870 32 5 37
1871 31 4 35
1872 23 5 28
1873 20 6 26
1874 22 9 31
1875 20 9 29
1876 20 9 29
1877 19 9 28
1880 36 6 42
1881 30 7 37
1882 28 8 36
1883 26 7 33
1884 27 6 33
1885 22 5 27
1886 22 6 28
1887 27 6 33
1888 28 8 36
1889 34 9 43
1890 35 9 44
1891 29 7 36
1892 54 9 63
1893 58 6 64
1894     64
1895     49
1896     35
1897     40
1898     51
1899     56
1900     60

Nokre få folk i Hosanger var tidleg ute, men frå 1850-åra kom gardbrukarane i naboprestegjelda for fullt. I den perioden denne artikkelen tek for seg, fekk Haus, Hamre og Manger ein dominerande stilling både når det galdt talet på utplasseringsstader og talet på utsette born. Lindås, Alversund og Fana ligg på plassane bak. Fana var det einaste oprestegjeldet i Midhordland som tok imot meir enn eit titalls born gjennom Redningsforeningen.

Det har ikkje vore mogleg å undersøkja alle mottakarheimar eller pleieborn, men førebels har eg sett nærare på vel 40 familiar som tok imot bergensungar i tida 1850-1900. Det viste seg at det var fleire fellestrekk, utan omsyn til om det var tidleg eller seint i perioden. Her er det ikkje plass til ein detaljert gjennomgang, men eg vil heller visa fellestrekka frå gardane i Hamre, Haus og Manger.

Det er registrert 111 gardbrukarar i Hamre og 118 gardbrukarar i Haus som tok imot born gjennom Redningsforeningen. Når vi veit at dei lokale fattigstyra også sett ut born i pleie, og at nokre gardar tok imot born frå Bergens fattigvesen, forstår vi breidda i denne verksemda.

Fellestrekka er:

  1. Nygifte par med småborn tok imot tenåringsjenter.
  2. Når gardbrukarane sine eigne ungar var store nok til å klara seg utan barnepass, skjer det eit byte av pleieborn - ein gut blei nå teken inn istaden for jenta.
  3. Gardbrukarar som nettopp hadde overteke garden og i tillegg ofte hadde småborn, tok imot gutar i aldaren 12-15 år eller eldre.
  4. Pleiedøtre i tenåra flytta til nabobruk dersom det var småborn der.
  5. Om ei pleiedotter flytta etter konfirmasjonen blei ho som regel erstatta av ei ny tenåringsjente om det var spebarn eller småbarn på garden.
  6. Det er sjeldan tenestefolk på garden om pleieborna er tenåringar.
  7. Nokre pleieforeldre tok inn tenåringsgutar når dei først overtok garden, men når eigne born kom i tenåra slutta dei med pleieborn. Når eigne born flytta ut, tok dei inn pleieborn att, oftast jenter.
  8. Bornlause pleieforeldre tok meste utan unntak imot eldre gutar.
  9. Einslege ungkarar tok inn tenåringsgutar.
  10. Der pleieforeldre hadde hatt særs vanskelege born som dei hadde sendt attende til byen, finn vi seinare pleieborn frå lokalområdet eller frå Bergen fattigvesen.

Dette er dei mest påfallande trekka, og det kan ikkje vera tvil om at pleiborna i dei fleste tilfella vart tekne inn som arbeidskraft. Som vi har høyrt, var desse også forutsett alt i starten av Redningsforeininga.

Når eit born vart utplassert på ein gard var det ikkje uvanleg at fleire av nabogardane fylgde etter med barn frå foreninga. Seinare tok pleieforeldras vaksne ungar imot den neste generasjonen av forsømte born.

Ryskeland - eit døme

Eg har vald ein gard i Hamre prestegjeld som døme på utplasseringsstader for borna frå Redningsforeininga. Diverre er kjeldene få og det er ikkje mogeleg å gje ei grundig analyse av livet som borna hadde på gardane. Det ville ha vore interessant å sjå korleis borna passa inn i livsituasjonen til gardbrukarne og samstundes korleis dei stod i forhold til den generelle økonomiske drifta på gardane. Sjølv om kjeldene er fattige kan vi forsøke med nokre tolkningar. Det er von om at det i framtida kan finnast fleire kjelder.

Om garden Ryskeland

Ryskeland, er gnr. 62 i Hamre, noverande gnr.139 Osterøy kommune.Prestegjeldet ligg på begge sider av Osterfjorden og Ryskeland er på Osterøy, sør-aust for kyrkjestaden Hamre. Garden ligg i eit dalføre mellom Valestrands-fossen og Lonevåg, og 3/4 del av alle gardane her tok imot born frå Redningsforeininga ein eller annan gong mellom 1851-1900.

Ved midten av 1840-åra var det 4 bruk på Ryskeland med bruk nr. 1 som det største og bruk nr.2 og 3 som dei minste, kring halvparten så store som bruk nr.1. I følge matrikkel- forarbeidet etter 1863 var all dyrkbar jord i bruk, men gardane var tunge å driva. Dei hadde brensel frå eigen skog med noko som kunne selgast. Som på mange gardar på Vestlandet vart det her sanka tilleggsfôr frå trærne - skav.

Det første paret som tok til seg eitt barn frå Redningsforeininga var Ole Larsen og Brita Nilsdatter . Desse gifta seg i 1842 og den 18. mai samme år overtok Ole bruk nr.3 som vart utskilt frå bruk nr.2. Dei hadde 4 kveg og 6 sauer på bruket i 1845, og sådde 1 1/2 tønner havre og 1 tønne potetar.

Det er ikkje mykje vi veit om drifta på garden eller om dagleglivet til ekteparet, men vi møter dei att i folketellingsmaterialet og ved høgtider; dåp, konfirmasjon, giftarmål, gravferd osb. Ole og Brita fekk ei dotter, Ingeborg i 1842 og ein son, Jens i 1845. Det er mogeleg at det var ein son her kring 1851, men kjeldene er nokre uklare her og guten forsvinn etter 1855. Det er freistande å spekulera i om det var problem rundt denne fødselen, for både mor og barn, som førte til at ekteparet høyrde på presten sine oppmodinger og tok imot sine første pleieborn i byrjinga av 1851.

Pleiebornet Jørgine Margrethe Brede

Redningsforeininga sende ut den vel 14 år gamle J ørgine Margrethe Brede frå Bergen. Ho var fødd i Bergen av foreldre, skomakersvenn Johan Ernst Brede og kona Karen Maria Monsdatter. Jørgine hadde to brør som vart utplasserte mest samtidig. Det var ingen lykkeleg heim dei kom frå desse "forsømte" borna og det kan ha vora godt å koma ut av det, men på den andre sida må det ha vora ein brå overgang til å vere pleiedotter på eit lite småbruk på Osterøy.

Jørgine var eldre enn dei fleste born som vart utplasserte, men ho var enno ikkje konfirmert.Ho kom til eit gardsbruk som Ole og Brita prøvde å bygga opp. I tiåret mellom 1845 og 1855 auka mengda av havre og poteter som vart sådde med kring 30 %. Talet på sauer vart dobla og det låg mykje slit bak gardsdrifta i desse åra.

I 1851 var borna på garden 9 år (Ingeborg) og 6 år (Jens). Dersom det var eitt spedborn i tillegg ville Brita ha hatt bruk for hjelp med ungane. Utan spedbornet ville det likevel ha vora kjærkome med nokon som kunne passe barna og i tillegg arbeide rundt huset og i floren. Det var kvinnene som tok arbeidet i floren i desse stroka og på vinteren var det mykje arbeid i huset med karding og spinning. Det var tenestefolk på dei fleiste bruka i dalen, men ikkje hjå Ole og Brita. Er det tilfeldig at det første pleiebornet dei tok imot var så stort ?

Jørgine vart hjå Ole og Brita berre fram til Michaelis 1852, d.v.s. litt over 1 1/2 år. Deretter flytta ho til nabobruket og bodde hjå Einar og Marta Ryskeland inntil ho vart konfirmert 10. juli 1853. Fordi pleieborna gjekk ut av Redningsforeininga si omsorg ved konfirmasjon, flytta ho til Bergen igjen. Ho fekk ikkje arbeid og måtte understøttast av fattigkassa.

Det er vanskeleg å vita kvifor Ole og Brita var villege til å gje slipp på Jørgine. Ho er omtala som flittig av presten og ingenting tyder på at ho har vore vanskeleg. Seinare i livet vart ho ei hardt arbeidande husmor som tydelegvis hadde omsorg både for brørne og ein forfylla far.

Ole og Brita tok ikkje imot fleire born frå Redningsforeininga, men i folketellingane i 1865 og 1875 hadde dei pleiesøner buande på garden, den eine fødd i Bergen, den andre i Hamre. Begge var under 10 år. Var inntektene desse borna ga i form av bidrag frå fattigstyret viktigare no enn arbeidsinnsatsen eit forholdsvis stort born kunne yte? Ole si eiga datter, Ingeborg, var 10 år då Jørgine flytta og ho kunne passa dei to andre borna på bruket.

Dei nye pleieforeldra til Jørgine, Einar og Marta Ryskeland , hadde gifta seg i 1849 og Einar overtok bruk nr. 1 i slutten av november 1851. Bruket var dobbelt så stor som bruket til Ole og må ha krevd ein stor innsats frå både mann og kone. Noko hjelp fekk dei frå kårfolket, men Marta vart stadig gravid og trong hjelp både i floren og med borna. Då Jørgine flytta inn i oktober 1852, hadde Einar og Marta to spedborn, Askild (f.31.1.1850) og Agate ( f.8.10.1851). Det kan neppe vere tvil om at bergensjenta vart teken inn til m.å. passe desse borna og hjelpe Marta. Etter Jørginge flytta til byen vart ho erstatta av ei ny jente frå Redningsforeininga, Ingeborg Carlsdatter , Ho var 9 år gammel ved overføringa til Ryskeland og vart hjå Einar og Marta til 1860 og konfirmasjonen. I denne perioden vart tre nye døtre fødd og Agate døydde. Ingeborg har måtte hjelpa til med fire born i tillegg til gardsarbeidet.

Ingeborg var det siste pleiebornet Einar tok imot, men i folketellinga i 1865 hadde ekteparet ei tenestejente på garden. Trong for hjelp var framleis til stades, men no var ekteparet vel etablert og hadde kanskje betre råd til å lønna ei tenestejente. Dei hadde ikkje lenger kårfolk på garden.

Det var minst eit bruk til på Ryskeland som tok imot born frå Redningsforeininga, men forsøket vart mislukka. Ole Johannessen Ryskeland , ein 30-årig ungkar og gardbrukar på bruk nr. 4, tilbau seg å ta imot ein 17-årig gutt frå Bergen i 1854. Verken guten eller Ole var friske og etter 6 veker vart gutten sendt tilbake til Bergen og plassert i arbeidsanstalten.

Ole vart meir og meir sjuk og tilslutt måtte garden seljast. Det er interessant å sjå at Redningsforeininga som elles var så oppteken av å plassere born i trygge ( og kristelege) familieomgivnader, var viljuge til å levera ut ein ungdom til ein ungkar - ein ungkar som attpåtil ikkje var frisk. Guten skal ha hatt " fallesyge".

Fleire barn vart utplasserte hjå einslege og det var alltid store born som kunne arbeida for seg.

Pleieborntradisjon på Ryskeland

Før vi forlet Ryskeland kan vi sjå på eit anna typisk trekk blant familier som tok imot born. Ideén om å ta inn pleieborn "gjekk i arv". Det var ikkje berre naboar som overtok barna eller tok imot nye, men også den neste generasjonen følgde ofte i foreldra sine fotspor. Borna til dei som tok imot pleieborn, tok sjølv imot born frå Redningsforeininga eller det lokale fattigstyret når dei vart vaksne og hadde eige gardsbruk.

På Ryskeland finn vi at Jens, sonen til Ole på bruk 3, og kona hans Synneve tok imot born medan deira eigne born var små.

Askild på bruk nr. 1, sonen til Einar og Marta, gifta seg i 1890 og det nye ekteparet tok imot born frå Rednings- foreininga medan sonen deira var ung.

Vi kunne følgja fleire gardbrukarar på den samme måten som på Ryskeland, men mønsteret er svært likt og vi kan istadenfor ta ei anna vinkling. Lat oss sjå på korleis dei utplasserte borna kunne vere flytta frå gard til gard. Ein førebels analyse av borna viser at jentene vart flytta meir sjelden enn gutane. Det var ikkje uvanleg at ei jente budde på ein gard i 2-3 år før konfirmasjon, men det var sjølvsagt eit unntak. Nokre jenter var også så "vanskelege" at pleieforeldra ville ha dei vekk, medan andre vart flytta for å passe andre småbarn, som vi har sett med Jørgine på Ryskeland.

Gutane kunne være meir problematiske og pleieheimane kunne også har sine vanskar slik at pleieborna måtte flyttast. Vi kan sjå på eit døme på dette.

Pleiebornet Anders Nilsen

Anders Nilsen var son av ein innerst på Lindås og var på ein eller annan måte komen til Bergen som born. Det var sagt at han var vanskeleg og nokre gonger lurte styret i Redningsforeininga om ikkje han var litt sinnsjuk. Som 11-åring vart han utplassert hjå Johannes Johannessen Lone  i 1858 eller mot slutten av 1857. Johannes hadde gifta seg med Brita i 1854 og då Anders kom til Lone hadde Brita to spedborn å passa. Johannes var for det meste åleine med gardsarbeidet og det var meininga at Anders skulle hjelpa til på garden. Diverre gjekk det ikkje slik Johannes hadde von om og Anders vart sagt å vera stridig og trossig. Allereie i slutten av september 1858 vart han send tilbake til byen og satt inn i arbeidsanstalten som ei mellombels løysing.

Eit par månader seinare vart han plassert ut igjen, denne gongen hjå Lars Larsen Fyllingen  ( noverande Lindås). Lars sa seg villig til å forsøka med gutten og Anders vart buande her fram til februar 1861. Då hadde Lars fått nok.

I februar 1861 vart Anders flytta til Ivar Eriksen Bleikli  i Hamre. Det kan ha vore tilfeldig, men mora til Ivar kom frå Fyllingsnes, nabogarden til Fyllingen der Anders hadde budd. Ivar hadde begynt å driva eit heilt nytt bruk på Bleikli i 1854. Han gifta seg i 1856 og i 1861 var kona Johanna gravid med deira første born. Anders kom til Bleikli fordi der var trong til arbeidshjelp på garden. Samstundes var det fast skule i krinsa og det var von om at gutten kunne verta påverka betre her. Enda ei gong gjekk det ikkje bra og pleieforeldrane klaga over den løgnaktige og utru guten. Han vert omtala som "et meget vanartede Barn" framleis.

I 1863 døydde Ivar og Anders måtte flytta. Han vart flytta over til eit veletablert ektepar i 50-åra: Johannes Olsen og Brita Rasmusdatter Nordre Mjelstad . Her kom Anders til ein familie med 3 store born - 2 døtre på 20 og 16, og ein gutt på 14. Anders Nilsen var sjølv 18 år.

Familien på Nordre Mjelstad hadde alltid hatt trong for ekstra hjelp på garden. På 1840-talet var det kanskje ein husmannsfamilie her og i tillegg ei tenestejente og ein tenåringsgutt som kan ha vore eit pleieborn. Mens familien sin eigne born var små trengte Brita hjelp med borna m.a. Seinare kunne det vere trong for guttar til å hjelpe til med gardsarbeidet.

Eg trur at Johannes hadde ein spesiell grunn for å ta imot Anders. Det er mogeleg at han gjekk med planer om å bygga på huset og driftsbygningane. Familien hadde vakse og fordi begge dei vaksne døtrene framleis budde heime og sonen nærma seg konfirmasjonen, må det ha vore naudsynt med meir plass. Anders var nesten vaksen og det er sannsynleg at Johannes såg det var mogeleg å få arbeidshjelp når han skulle begynne på husbygging.

Anders vart på Nordre Mjelstad inntil han vart konfirmert om hausten 1865. I årsmeldinga frå Redningsforeininga står det:

Ved erhvervet Daabs-Attest blev det oplyst, at han var henved 20 Aar gammel. Med hans Opførsel har det desverre ikke alltid været ret sat. Han er i Aarets Løb bleven forberedt til Confirmation... men maa endnu anseees for en yderst hjælpeløs Person..

Eit par månader etter at Anders flytta til Bergen var det tatt opp ei folketelling. Plassen til Anders på Nordre Mjelstad hadde vorte teken over av ein losjerande bordarbeidsmann - Ole Olsen, 25 år. Husbygginga var tydeligvis ikkje ferdig enno.

Det er vanskeleg å seia om tilfelle Anders kan seiast å vera typisk for guttane utplassert av Redningsforeininga. Eg har kun fulgt 12 guttar i perioden 1850-1870, men eg finn fleire fellestrekk. Alle var utplassert minst 2 stader - ofte 3 og 4 stader i løpet av dei 4-6 år dei var under foreininga sitt omsorg. Kring halvparten vart plassert i arbeidsanstalten eller tukthuset i løpet av utplasseringstida - anten fordi dei rømde eller p.g.a. tjuveri. Dei fleiste vart flytta fordi pleieforeldrene ikkje ville ha dei meir. Enkelte gonger vart dei flytta fordi pleieforeldra vart sagt å vera uskikka eller det var sjukdom på garden. Det ville vere interessant å sjå om det var nokre endringer i dette mønsteret på slutten av 1800-talet, men det har ikkje vore mogeleg å undersøkje dette enno.

Problema undervegs

Foreningens verksemd var lang frå utan problem, men ut frå mangelfulle kjelder kan vi berre skissera moglege årsaker til dette.

Hovudårsaken til dei fleste mislukka utplasseringane var måten pleieborna oppførte seg på. Over 50 % av borna som er undersøkte, hadde stole eller gjort andre straffbare ting før dei vart sendt ut på landet. Sidan Redningsforeningen hovudsakleg tok seg av "vanskelege" born, seier det seg sjølv at pleieforeldra sitt arbeid kunne verta krevjande. Nokre få born heldt fram med å stela etter at dei vart sett bort. I foreningens årsmedlingar er borna ofte omtala som "ulydige", "trodsige", "stride", "opsætig", "vild og vanskelig" eller "tyvagtig". Ein typisk kommentar frå 1871 om eit vanskeleg tilfelle var"vild og vanskelig at paavirke, efterdi Vanart er trængt altfor dybt ind hos ham". I lyset av ettertidas pedagogiske erfaringar er det lettare å forstå at problembarn kunne verte endå meir vanskeleg etter flytting. Lausriving av tenåringar frå heimleg miljø - uansett kor vanarta det seies å vfera, følgd av utplassering på "Strilelandet", desse ditrikta med strilar som bergensarane hadde omtala nedsetjande i generasjonar - er det nærast eit under at det vgjekk så bra som det gjekk i mange tilfelle. Det seier kanskje noko om borna sine evner til å tilpassa seg.

Men dette må ha vore eit allment problem i slik behandling av forsømte born. Ib Geijl skriv i ei undersøkjing om Århus barn og vergeråd i tida 1905-1915:

...Anbringelse af købstadsbørn i plejehjem på landet var langt fra problemløst. Milieuskiftet var for voldsom en omvæltning for mange børn, der ikke kunne forstå, hvorfor de skulle hjemmefra. De havde ikke blik for de værdier, der fandtes i husmandshjemmene, og plejeforældrene var ofte så godt som blottet for pædagogisk sans og uden forståelse af det milieu, børnene kom fra...  (Ib Gejl 1967, s.80)

Samspelet og kontakta mellom pleieforeldra og borna må ha vore avgjerande. Vi veit at det kunne gå hardt for seg, særleg i familiar der pleieborna kunne påverka gardbrukaranes eigne born. Ein kunne ikkje tillata at bergensungane villeda dei uskyldige borna som elles var på garden. Pleieborna måtte haldast under streng disiplin og det skulle ikkje mange utskeiingar til før dei vart sendt attende til byen.

Eit problem som er nemnt spesielt fleire gonger på 1870-1880-talet er at pleiesønene dreiv dyremishandling. Vi kan lura på om dette var gjort medvete for å verte sendt heim, men kjeldene gje ingen detaljar. Foreningen freista motarbeida dette ved kvart år å dela ut "Dyrevennen", bladet til Foreningen til Dyrenes Beskyttelse.

Naboklagar og skuleproblem

Frykta for pleieborna var heller ikkje begrensa til pleieheimane. Ein av dei andre årsakene til problema er antyda fleire gonger på 1880- og 1890-talet då foreningens formann omtalar ryktespreiing frå naboar. Naboane klaga over å ha tjuvaktige og vanarta born i nærleiken. Andre stader står det at naboane var misunnelege. Det var lite styret kunne gjera med ryktespreiing og den veksande motviljen mot å ha dei forsømte bergensungane i lokalmiljøet. Omtrent det einaste mottiltaket var å freista bagatellisera dette i årsmeldingane som vart spreidd i soknet. Styreformann Holdt skreiv i 1899 ein for han å vera krass kommentar til frykta for moralsk smitte:

...Denne Smittefrygt er temmelig overdreven, dels synes Landskommunerne aldeles at glemme, at de ofte sender ind til Byen sine ofte i moralsk Henseende sletteste Elementer, uden at Byen kan hindre dette - Her kan det ogsaa anføres, at en betydelig Procent af de Forældre, hvis Børn Foreningen har maattet antage sig, er fra Landet.ønskeligt vilde det være, om der i Spørgsmaal af en saa almindelig Betydning for det hele Samfund som nærværende var en større Følelse af Solidaritet..

På skulen kunne dei bergenske pleieborna også vera eit problem, men skuleprotokollane må analyserast nærare før vi kan seie kor allment dette var. På Lindås vart det budsjettert m,ed eit visst beløp til Skulekassen for kvart pleiebarn. Det seiest at problema med desse borna vart teke opp med departementet (Åsgard 1990 s.148). Kven skullle betala for desse ungane på skulen, pleieforeldra eller skule- og fattigkomminsjonane der dei høyrte heime? Skulelærarane måtte av og til gje ekstraundervisning fordi mange av pleieborna ikkje hadde lært å lesa eller skriva. Frå Lindås vart det sendt rekning for denne ekstra undervisninga til Bergens Skolekommission, men andre stader gav dei einskilde lærarane undervsining som del av deira bidrag til å redda desse ungane.

Før særskilde skulehus vart bygde, kunne mengda av pleieborn skapa problem for omgangsskulen. Undervisinga vart halden i tur og orden rundt på gardane. I nokre skulekrinsar måtte brukarane forplikta seg til ikkje å ta imot så mange born at skulen måtte to-delast (Åsgard 1990 s.148)

Pleieborn som ressurs

Det siste store problemet som vert nemnt i nesten kvar årsmelding er innblanding frå dei rette foreldra. Dette skjer nesten utan unntak gjennom heile perioden, særleg med foreldra til born som er omtala som svært vanskelege. Ein sjeldan gong besøkjer foreldra garden der ungen er utsett, og barnet vert henta attende til byen. Den mest vanlege innblandinga var når barnet var på bytur med pleiefaren. Barnet rømmer og besøkjer heimen. Dette fører alltid til at foreldra ønskjer å behalda barnet. I over 90% av tilfella er det berre ein av foreldra som er heime, ofte mora, og det ville ha mykje å seie for henne å ha ein tenåring i huset til hjelp, både i omsorgsarbeid og som mogleg bidragsytar til husøkonomien.

Det er sagt at born i landbruksøkonomien er ein ressurs, medan born i byøkonomien var ein belastning (Dahl 1990, s.23). Barn som vaks opp på ein gard var så absolutt sett på som ein ressurs og pleiebornas arbeidskraft har utan tvil vore eit viktig bidrag i pleieheimen. Men eg trur at nokre av desse forsømte borna har vore ein ressurs også heime i byen. Det har ikkje vore råd å undersøkja meir enn nokre få born gjennom denne lange perioden, 1850-1900, men tendensane også her er klare. Dei fleste av dei borna som er undersøkte, gjekk ikkje på skulen, og ikkje få av dei vart omtala som tjuvaktige. I dei tilfelle borna ikkje gjekk på skule, arbeidde fleire av dei i verkstader. Dei tjuvaktige borna kom i dei fleste tilfelle frå svært belatsa heimar, der det kanskje var slik at tjuveri var eit viktig bidrag til familieøkonomien. I heimar der faren eller begge foreldra til dømes hadde store alkoholproblem, kan det tenkjast at tenåringsborn ha spela ei viktig rolle, ikkje berre i omsorga for søsken, men også som forsørgarar med tjuveri av mat og pengar. Det var akkurat i slike heimar at Redningsforeningen, med støtte frå politi og fattigstellet, greip inn for å redda dei unge.

Redningstida

Gjennomsnittsaldrene ved opptak under Redningsforeningens venger ser ut til å halde seg mellom 11-12,5 år frå 1860-åra og utetter. Dei fleste borna forlet pleieheimen når dei var konfirmerte, i 15 årsalderen, det vil seie at borna var utplasssert i gjennomsnitt mellom 3 og 4 år.

Eg kan ikkje sjå at det vart sagt noko om kor lang tid foreningen meinte det ville ta å redda dei forsømte borna. Vi veit heller ikkje kor lenge pleieforekldra rekna med å ha borna hjå seg. I fleire meldingar mellom 1870-1900 gje styret inntrykk av at det fanst mange "brave" gardbrukarar som i lang tid hadde gjeve trygge heimar for dei forsømte bergensungane. Det var nokre som tok imot born i meir enn 7 år, men desse høyrde til unntaka. Tabell 2 viser kor lang tid gardbrukararne i dei enkelte prestegjelda hadde foreningens born hjå seg i perioden 1852-1900.

Tabell 2: Pleieborn fordelt på prestegjeld etter lengda på opphaldet

Prestegjeld

Antal heimar

Antal år: 1

2

3

4-6

7-10

10+

Haus 116 24 23 14 33 18 4
Hamre 111 43 15 14 25 9 4
Hosanger 11 3 0 1 3 4 0
Lindås 25 7 1 5 9 3 0
Alversund 16 2 2 5 3 4 0
Manger 43 19 5 3 6 7 3
Fana 18 10 1 4 2 1 0
Sum 340 108 47 46 82 46 11
% 100 31,8 13,8 13,5 24 13,5 3,2

Vi ser at over 30 % av mottakarheimane tok imot foreningens born i eitt år eller mindre. Mange tok nok skrekken når borna var svært vanskelege. Det ville vera svært interessant å sjå om desse gardbrukarane tok imot pleieborn gjennom det bergenske eller det lokale fattigstellet. Utan å kunne visa til statistikk har eg likevel inntrykk frå folketellingsmaterialet at nokre gardbrukarar heldt fram med pleieborn, men denne gongen med fattige eller foreldrelause born.

Tilsaman er det nesten 60 % av gardbrukarane som tok imot born i tre år eller mindre. Når vi veit at gjennomsnittleg utplasseringstid for kvart barn var mellom 3 og 4 år, kunne vi tru at dette tyda på at mange gardbrukarar tok imot eit barn og hadde det fram til konfirmasjonen. Førebels undersøkjingar tyder på at dei fleste borna budde på minst to gardar, nokre endå fleire. Det kan vera ein skilnad mellom gutar og jenter her. Det ser ut som om jentene vart sett på som mindre vanskelege enn gutane.

Pleieborn og hamskiftet

Det vil føra for langt å drøfta kordan endringane i familielivet etter det store hamskiftet førte til endringar i kvardagslivet til dei fleste borna, men ein konsekvens av industrialiseringsprosessane var at borna som individ kom meir i fokus. Mange av endringa vi knyter til hamskiftet, utan omsyn til kva tid det skjedde, påverka kvardagslivet til ungane liuke mykje som kvardagslivet til foreldra deira (Thuen 1987 s.107). Etterkvart som storsamfunnet hadde behov for ein meir kontrollerbar, disiplinert og lydig arbeidsstokk, vart det mindre spelerom for dei som på ein eller annan måte var avvikar. Born som ikkje gjekk på skule og ikkje kunne lesa og skrive, eller hadde begrep om tid, kunne dermed heller ikkje lærast opp til å ta del i lønna arbeid. desse borna måtte derfor disiplinerast og oppdragast med ulike metodar. Trass i at talet poå institusjonar som skulle ta seg av born auka, særleg i Bergen frå 1860- og 1870-åra, auka talet på born som Redningsforeningen skulle at seg av.

Dei mange bemerkningane om vanskar når pleiefaren var borte, gje ein peikepinn om endra situasjon også på gardane etter hamskiftet. Etableringa av industri rundt byen, fabrikkbygging, vegbygging og frå 1870-åra av jernbanebygging, hadde mykje å seie for bygdene. I tillegg var det stor byggeverksemnd i Bergen, og dette berre auka på i andre halvdel av 1800-talet. Arbeidskrafta til mykje av dette kom nettopp frå bygder som tok imot flest pleieborn frå Bergen. Kan det vera tilfeldig at dei fleste av dei såkalla bygningsstrilane som hadde sesongarbeid i Bergen og på fabrikkanlegga i Ytre Arna, Trengereid, Salhus, Dale osb kom frå gardar der dei forsømte borna var utplasserte?

Nokre gonger vert det sagt at karane var på fiske, og her som så mange andre stader langs kysten, eller der det fanst anleggsarbeid, var det kvinnenen som hadde ansvaret for borna og mykje av gardsarbeidet i lange periodar. Eg tolkar dette som eit indisium på at pleieborna skulle brukast som arbeidskraft på gardane.

Men det var ikkje berre dei mannlege gardbrukarane som etter 1850 kunne vera borte frå garden i lengre tid. Talet på tenestefolk på gardane var på det lågaste ved midten av 1800-talet, akkurat då fabrikkane i og rundt Bergen kom igang (Kleiveland 1988 s.107). Fleire og fleire vaksne jenter fekk arbeid i tekstilfabrikkane eller teneste i byen. Tapet av denne arbeidskrafta på gardane kunne erstattast ved å ta imot pleieborn.

Utbreiinga av leiehamp som attåtnæring, som Eilert Sundt har skrive om, var også omfattande i nokre av Nordhordlandsbygdene som hadde mage pleieborn. Vi veit at det særleg var kvinner og born som dreiv med hampespinning og notbinding. I Hamre, Manger og Lindås kan det sjå ut til at pleieborna vart sett til å arbeida med hampen, i tillegg til anna gardsarbeid.

I tillegg til ekstra arbeidskraft fekk pleieforeldra god betaling for å ha born i pleie, og dette må ha vore kjærkomment. Fleire har peikt på behovet for kontantar i overgangen til eit omfattande pengehushald (Sundt 1867-68, Solheim). Betalinga frå Redningsforeningen og fattigstellet for omsorga av born og sinnsilande har vore ein lite påakta del av hushaldsøkonomien. Pleieborna kan derfor ha spela ei viktig rolle både i mangesysleriet på gardane og som inntekstbringande kjelde i ei tid det var behov for kontantar.

Eit døme på denne kombinasjon finner vi omtalt i 1851-52 i den deleb av Hamre prestegjeld som lå nærmest Bergen - Åsane. Her var det mange utsatte pleieborn frå Bergen som presten sa var brukt fleire gonger i veka for å bære melk til byen. Han sier at pleieborn drives som ei næring for melkebøndane i Åsane. Samstundes klager desse bønder over å måtte betale skolepengar for pleieborna. De var naturlegvis redd for at vinningen skulle gå opp i spinningen.

Redningsarbeidet held fram i dei gamle spor

Verksemda til Redningsforeningen tok til i filantropane si blømingstid i Bergen. Denne private foreningen heldt fram med å vera driven på privat basisi av ei lita gruppe aktive filantropar, ofte leda av geistlege med støtte frå embetsmenn og kjøpmenn. Økonomien var tufta på medlemsbidrag, private gåver og ikkje minst eit stort årleg bidrag frå bergens Sparebank. Dei fleste filantropiske foreningar i Bergen kunne ikkje greia seg utan Sparebanken. I 1890 søkte foreningen for første gong Bergens Samlag for Brennevinshandel om støtte, og i åra som følgde fekk dei ein stor sum til arbeidet sitt. Sålenge Sparebanken og seinare Samlaget støtta Redningsforeningen, var økonomien god og styret trong ikkje søkja om offentleg støtte. I så måte stilte Bergens Redningsforening sterkare enn mange andre liknande organisasjonar og institusjonar. Det er sagt at dei private foreningar sitt press for å få offentleg støtte var avgjerande for at staten etterkvart tok over ansvaret for tiltaka (Thuen 1992 s.101, Steen 1958 s.195). dette kan ha vore tilfelle særleg for oppdragaranstaltar som Toftes Gave og Ulvsnesøy, men Redningsforeningen heldt fram arbeidet sitt utan å sjå dei endringar som gjekk føre seg rundt dei. Opprettinga av Ulvsnesøy skule i 1881 og frå 1900 Vergerådet etter "Lov om behandling av forsømte barn" i 1896, hadde ikkje stor innverknad på foreningen sitt arbeid. Ulvnesøy kunne nå ta imot dei mest mislukka pleieborna istaden for at dei vart plasserte i Arbeidsanstalten eller fosøkt overført til Toftes Gave på Austlandet. Foreningen håpa på at den nye anstalten ville vera ei avlasting for dei mest "forvildede" borna, dei som alt hadde vore straffa fleire gonger. Men sidan Ulvsnesøy berre tok imot gutar, måtte foreningen halde fram å hjelpa dei "forvildede" jentene.

Vergeråda frå 1900 fekk den mynda over borna som Redningsforeningen lenge hadde ønskt seg, men det ser ikkje ut til at iverksetjing av lova frå 1896 fekk innverknad for foreningens arbeid det første tiåret.

I 1903 hadde foreningen framleis under 40 medlemmer og omsorga for 42 born. Styreformann skreiv i årsmeldinga:

... Foreningen har fortsatt sin Gjerning i de gamle spor... Vor Forening har blandt de "forsømte" Børn en Arbeidsmark, fuldkommen stor nok for, hvad den formaar. Ja desværre vil det vistnok tidt vise sig, at Arbeidsmarken er større end vor Forenings Evne...

Foreningen hadde teke seg av over 4000 born i dei vel 60 åra den hadde virka. Samarbeidet mellom styret i Bergen og nettverket av pleieforeldra spreidd rundt i bygdene rundt byen - med nokre få i Sogn og Fjordane - viste seg å vera svært vellukka sett med oppdragarens auge. Det var sjølvsagt ikkje problemfritt, men det var fleire gonger sagt at hadde ikkje foreningen teke seg av desse borna, ville 9 av 10 tilfelle havna i fengsel eller tvangsarbeidanstalt. Styret påsto at det hende sjeldan at born som hadde vore utplassert på landet havna i konflikt med politiet etter konfirmasjonsalderen. Er dette tilfelle, må pleieforeldra få mykje av æra. Uansett motiva for å ta til seg pleieborn, hadde nokre års sosialisering på ein gard nettopp den oppdragande effekten som Redningsforeningen ønskte.

Kjelder og litteratur

Utrykte kjelder

Bergen Byarkiv Tilvekst 568. Ymse brev og regnskap fra Redningsforeningen

Statsarkivet i Bergen Folketellinger 1845, 1855, 1865, 1875 og 1900

Prestearkiv for prestene i Hosanger, Hamre, Haus og Manger

Kyrkjebøkene for Hosanger, Hamre, Haus og Manger

Bibliografi

Arne Lie Christensen "Leiehampen" Heimen 4, 1984, XXI

Tove Stang Dahl "Barnevern og samfunnsvern", Oslo 1992

Kjersti Ericsson "Den tvetydige omsorgen" Oslo 1974

Michel Foucault "Disiplin and Punish" London 1977

Ib Gejl "Under Værgerådet", Århus 1967

Christopher John Harris "Bolig og Helse i Bergen rundt midten av 1800-tallet", Gamle Bergens Årbok 1991.

John Herstad "Foreningsliv i Bergen 1814-1850", Bergens Historiske Forenings Skrifter nr. 65, 1965

Rigmor Frimannslund Holmsen "Fosterbarn", Dugnad 1977, Oslo

Geir Kleiveland "Bygda gjennom tidene", Valestrandsfossen 1988

Olaug Mollatveit "Opprettelsen av Bergens Barenasyl"

Bergens Historiske Forenings Skrifter nr. 77/78, Bergen 1979

Halkild Nilsen "Skolestell og Folkeopplysningsarbeid" Oslo 1953

Torolv Solheim "Ei Strilekrønike" Bergen 1977

Sverre Steen "Tusen Års norsk historie" Oslo 1958

Eilert Sundt "Om Husfliden i Norge" ny.utg. Oslo 1975

Harald Thuen " Om Gustav og Sigrid - og nye utfordringer for den pedagogiske historieforskningen", "Skolen" 1987, Årbok for norsk skolehistorie

 "Oppdragelsesanstalten - et supplement til skolen" fra "Barnhus - Om rädningsanstalter, barnhjem, idiotanstalter, uppfostringsanstalter i Norden från 1700-talet til våre dagar" 1992

Asbjørn Åsgard "Skulesoge for Lindås 1739-1889" Lindås 1990

Årsberetningane til Foreningen til Forsømte og forvildede børns redning 1865-1903

Avisene: Bergenske Blade og Bergens Stiftstidende

****************************

Av Christopher John Harris, førstearkivar Statsarkivet i Bergen