Bergen var hovudstad og geografisk sentrum for det store norske nordatlantiske riket - "Noregsvelde" - på 1200-talet. Riket strekte seg frå Grønland i vest over Island, Shetland, Færøyane og Orknøyane, med krav på trona i Skotland, og med sterke band til Man og delar av Nord-England. Då kong Eirik Magnusson døydde i 1299 gjorde den etterfølgjande kongen, Håkon Magnusson, Akershus, Oslo og Østlandet til sentrum i sitt kongedøme. Sverige, Danmark og Østersjøen kom i fokus for norsk utanrikspolitikk.

Samtidig vart dei vest-norske stormennene - dei reelle herskarane under kong Eirik - svekka, og mannen som hadde leia den sør- og vestvende utanrikspolitikken, Audun Hugleikson, hengd på Nordnes i 1302.

Endringane rundt år 1300 kom nok til å svekkje dei norske interessene mot vest, og gjennom det stillinga Bergen hadde. Men trass i at maktinstitusjonane vart flytta, kunne Bergen likevel halde plassen sin som Noregs største by gjennom meir enn 500 år, heilt fram til 1830-talet.

Alt før byen tapte den nasjonale sentrumsfunksjon vart Bergen ein viktig Hansaby. Og posisjonen som eit sentrum i handelen i Nordsjøområdet kunne erstatte dei andre tapa. Mot slutten av mellomalderen var Bergen ein av dei aller viktigaste byane i Hansaen, kanskje den viktigaste. Då var Bergen òg utan tvil ein av dei største byane i heile Skandinavia.

Den første folketeljinga i Noreg - og Bergen - var i 1769. Då budde det vel 13 600 personar i Bergen, og vel 115 100 i stiftet.

For å finne ut noko om folketalet tidlegare må vi bruke modellar og rekne oss fram ved hjelp av kjelder som ikkje primært skal gje oppgåver over folketalet. Då vert det rom for diskusjon, og tala vi kjem fram til vil være omtrentlege. Men ved å sette saman ulike kjelder trur eg det skal vere mogeleg å komme svært nær dei rette svara.

Den andre hovudtemaet som skal drøftast er korleis den bergenske befolkninga var sett saman frå først på 1600-talet og fram til noko etter 1900. Vi skal sjå litt på det demografiske samspelet mellom Bergen og utlandet, og mellom Bergen og det tilgrensande omlandet.

Kjeldene

Kjeldene mine er dei databasane vi i Statsarkivet i Bergen har vore med på å byggje opp på grunnlag av kyrkjebøkene for Bergen, borgarboka, ein del skattemanntal frå 1600-talet, samt elektroniske utgåver av folketeljingane for Bergen 1875 og 1912, og statistikken frå hovudoppgåva mi "Fra Jølster til Bergen" (1979).

Les artikkelen

Artikkelen er skrive av Yngve Nedrebø, statsarkivar ved Statsarkivet i Bergen. Av omsyn til storleiken på artikkelen ligg han tilgjengeleg som pdf-fil:

Bergens_befolkning