Lesesalreglement


Almenne reglar

  • Ved første besøket der lesesalsgjesten bestiller arkivsaker til lesesalen, skal gjesten gjere seg kjend med reglane for bruk av arkiva. Namn og adresse skal då registrerast på eit eige meldingskort.
  • Lesesalgjestene skal skrive namnet sitt i ein framlagd protokoll kvar gong dei kjem på lesesalen.
  • Dokumentmapper, vesker o.l. må ikkje takast med til arbeidsborda.
  • På lesesalen skal det vere stille. Gjester som vil prate saman, bør gå ut av rommet.

Utlån til lesesalen

  • Arkivsaker til bruk på lesesalen skal tingast skriftleg på rekvisisjonsblankett. På kvar blankett skal det berre førast opp arkivsaker som høyrer til ei og same rekkje. Ein kan til vanleg ikkje få utlånt meir enn tre protokollar eller pakkar om gongen.
  • Saker som skal nyttast etter kl. 15.00, må tingast før kl. 14.30. Saker til bruk på laurdag, må tingast før kl. 14.30 fredag.
  • Gjestene har ikkje tilgang til magasinet, og kan ikkje på eiga hand hente fram arkivsaker.
  • Bøker som ikkje står på lesesalen, vert tinga på same vis som arkivsakene.
  • Dei sakene ein har fått utlånt, skal leggjast fram til inspektøren før ein går. Saker som ein ikkje er ferdig med, kan ein reservere til seinare bruk. Reserverte saker som har vore unytta i ei veke, vert sette på plass i magasinet.

 Reglar for bruk av arkivsaker

  • Arkivsaker skal handsamast med varsemd slik at dei ikkje tek skade. Dei skal ikkje nyttast som skriveunderlag, og ein må ikkje skrive i dei eller sette merke i dei, heller ikkje brette eller krølle blada.
  • Arkivmaterialet må ikkje takast vekk frå lesesalen.
  • Til offentleggjering av private brev eller oppteikningar som arkivet eig, trengst særskild samtykke.
  • Bøker, særprent og artiklar som byggjer på tilfang frå studium på lesesalen, ventar arkivet å få gratis.