Kjelder - oversyn og presentasjon

Statsarkivet har lenge satsa på digitalisering av utvald kjeldematerialet. Ved å skanne eller skrive av etterspurde kjelder frå arkiva, har Statsarkivet ein digital kopi til distribusjon til alle interesserte. Statsarkivet publiserer digitaliserte kjelder på nettstaden digitalarkivet.no Dette er Arkivverkets nettstad for tilgjengeleggjering av arkivmateriale.

Med over ti tusen hyllemeter med arkivsakar er det ikkje råd å få ut alt på internett. For nokre arkiv har vi laga smakebiter eller ein kort presentasjon av arkiva. Smakebitane finn du under Nettutstilling, medan arkivpresentasjonar finn du her.

For komplette kjeldekopiar/digitale kjelder, kan du gå til Digitalarkivet.

Arkivkatalogar

I 1979 laga statsarkivar Egil Øvrebø ein katalog over heile arkivbestanden til Statsarkivet i Bergen. Denne oversikta er kalla oversiktskatalog, og er oppdatert i 2002. Oversiktskatalogen er tilgjengeleg på internett .

Mange av arkiva på Statsarkivet i Bergen er registrerte i Felleskatalogen for Arkivverket. Dei fleste arkiva er berre registrerte på arkivnivå, og ikkje på serie og arkivstykke.