I Kongens teneste. Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709-1719. Riksarkivarens skriftserie nr. 1 


Av Egil Øvrebø

Bergen 1996. Bok med stive permar, stort format (19x27 cm), 652 sider (tillegget er på 558 sider)

Boka ser på Vestlandsk deltaking i Store nordiske krig. Eit grundig kjeldearbeid er gjort av forfattaren over mange år. Han freista å danne eit bilete av soldatutskrivinga på byrjinga av 1700-talet. Området er avgrensa til Bergens stift (Sunnmøre til Sunnhordland). Formålet med boka er å finne ut kor mange soldatar som vart utskriven, kven dei var og kvar dei vart av.

I Kongens teneste  inneheld eit tillegg med namnelister over utskrivne soldatar.

Denne boka kan tingast i nettbutikken  eller ved å kontakte Statsarkivet i Bergen. Statsarkivet i Bergen sel boka for 180 kr, ved sending kjem porto i tillegg.