Fattigfolk i Bergens stift 1755-2005


Av Yngve Nedrebø (red.)
Medforfattarar: Svein Indrelid, Marianne Herfindal Johannessen, Bente Kopperdal, Jørn Øyrehagen Sunde og Frode Ulvund
Biletredaktør: Tom Myrvold

Selje forlag. 2005. Bok med stive permar, stort format (22x28,5 cm),  159 sider

Boka tek for seg dei fattige på Vestlandet gjennom 250 år, både dei som var vurdert som verdige (fattige born, vanføre, sjuke og gamle) og uverdige (landsstrykarar, kriminelle, arbeidsky, drukkenboltar, prostituerte). I 1755 tok det offentlege ansvar for fattigfolka og Kongen gav ei forordning for fattigvesenet i Bergens stift - dei verdige skulle få hjelp, medan dei uverdige skulle setjast i arbeid. Forfattarane fortel om bakgrunnen for fattigforordninga, korleis det gjekk og om kjeldene.

Boka kan tingast ved å kontakte Statsarkivet i Bergen. Statsarkivet sel boka på vegner av forfattarane for kr 298, ved sending kjem porto i tillegg.

Norke av tekstane, bileta og kjeldene i boka er òg nytta i nettutstillinga Fattigvesenet i Bergen stift 250 år, 1755-2005